Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Senterpartiet og brotne «valløfter»

Straum og drivstoffprisar var nesten ikkje på Sp sin dagsorden før valet.

Leverte: Sp-leiaren lova - og leverte - eit løft for landbruket. Straum snakka han nesten ikkje om, skriv innsendaren. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Leverte: Sp-leiaren lova - og leverte - eit løft for landbruket. Straum snakka han nesten ikkje om, skriv innsendaren. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Historieforfalskning, dårleg hukommelse eller redsel for at Senterparteiet skal bli store som følgje av at markedsliberalistane i Høgrepartia og Ap sin politikk no har slått inn for full kraft?

Ei unison rikspresse, Trygve Hegnar, Skjalg Fjellheim m.,fl. og andre idioter som tek for god fisk historie fordreiinga desse står for. Som slår fast at Sp stuper på meiningsmålingane fordi partiet ikkje har oppfylt valløfta sine.

Valløfter som visst nok skal ha vore låge drivstoff og straumprisar. Så langt eg kan erindre så var desse to sakene nesten ikkje på dagsorden i valdebattane hausten 2021. Bortsett frå at opposisjonen på Stortinget i februar 2021 bad regjeringa utrede tiltak for å ha kontroll på straumprisen. Noko Erna-regjeringa avviste som ei ikkje sak i mai 21.

Miljø var til ein viss grad på dagsorden. Senterpartiet og Vedum drista seg til å sei at ein ikkje burde auke avgiftene på drivstoff så mykje at prisen kom over 20kr/l, slik som Høgreregjeringa la opp til. Og at ein burde bruke litt meir tid på omstillinga til det grøne skiftet. Senterpartiet blei då sporenstreks i hånlege ordlag kåra av den same rikspressa til det minst miljøvennlege partiet.

Annonse

Valresultatet på berre 13 prosent for Sp var heilt klart eit resultat av riksmedia si uthenging av partiet i miljøsaka. No skal då Sp med 13 prosent oppslutnad liksom vere hovudsyndebukken for høge drivstoff og straumprisar. Sjølv om eit for lite Sp i ei mindretalsregjering umogleg kan få gjort noko med det åleine, so er brotne «vallløfter» frå Sp grunnen til at partiet fell som ein stein på meiningsmålingane. Mens dei reelle ansvarlege, Høgrepartia og Ap slepp lettvint unna.

Min påstand er at Sp fell som ein stein på meiningsmålingane mest fordi ei samla rikspresse, og folk som Aasmund Nordstoga og Erling Kjekstad, skriv dag inn og veke ut om Sp sine «brotne valløfter» om billeg diesel og straum. Sjølv om sakene nesten ikkje var på dagsorden i valkampen hausten 21. Og langt i frå var Sp sine hovudsaker.

Desse var derimot Norsk matproduksjon, Tryggleik, Nei til EU, Norske arbeidsplasser, Nær folk og Heile landet. Senterpartiet har i år sikra eit av dei beste landbruksoppgjera på lang tid. Senterpartiet si stortingsgruppe er aktive for å få gjort grep for å endre kraftregimet som marknadsliberalistane i Høgre og Ap har har slept fritt utan styring.

Og det er etablert gode støtteordningar for dei som blir ramma av dei høge straumprisane. Ordningar som vil bli endå betre i statsbudsjettet til hausten.

Sjølvsagt fryktar markedsliberalistane i Høgrepartia og Ap at Senterpartiet som den einaste realistiske utfordraren skal bli større og få meir makt og innflytelse i norsk politikk. Riksmedia blir målretta brukt av desse til å undergrave Sp med misvisande historiefortellingar. Og folk let seg nok ein gong lure. Slik at markedsliberalistane sitt vanstyre og utflagging av norske ressursar kan forsetje sin skjeive gang.

Neste artikkel

Hva som står på spill