Eigarane får denne urokjensla innover seg kvart einaste døgn medan beitetida varar. Går det verkeleg ikkje an å forstå noko av dette helvete som skapast med rovdyrangrepa? Er folk som styrer i dette landet fullstendig kjenslelause for dette som skjer?
No er det 40 år sidan dei første hendingane kom. Enda er haldningane like kalde. Folkeaksjonen Ny rovdyrpolitikk, briska seg og fortalde oss at det blir ein ny rovdyrpolitikk. Eg spurte ved fleire høve kva den nye politikken skulle bera med seg. Eg vart aldri orientert om korleis den skulle bli. Så reiste eg spørsmålet om å innhegna rovdyra slik som på Langedrag. Ein treng ikkje så mange. I samarbeid med Sverige skulle det lata seg gjera å koma rimeleg ut av det, og dermed freda husdyr og vilt for rovdyrplagene. Då fekk eg svar!
Den nye rovdyrpolitikken skulle bygge på nyare forsking og vitskaplege tiltak som då skulle gjera det lettare å leva med rovdyr i markene! Tenk det folkens. Dei avfeide tankane mine og gav meg ei skjennepreike. Eg kvitta meg med medlemskapen, og no ser me resultatet, år etter år har det vore stygge angrep frå rovdyra. Folkeaksjonen Ny Rovdyrpolitikk som støttar denne politikken forblendar folk sin haldning og skapar eit trykk mot dei som vil nytta utmarksressursane. Og dei får stønad frå WWF og naturorganisasjonar som vil kvitte seg med eit landbruk som brukar utmarksressursane.