Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Røyst, sjølv om du "drit i politikk"

Det er klart du har noko å gjere på rådhuset i dag.

Sirkel Sag: Foto: Runar Gudnason

Det siste halvåret har eg, via Spotify-kontoen til sonen min, blitt kjend med ein kar ifrå Ørsta, ein yrkesbror rett og slett. Bonde og musikar. Han er rappar på natta og bonde på dagtid. Sirkel Sag er namnet, og her er refrenget som fengde fyrst:

Det tek ein time å gå ned til Ørsta Rådhus

Ørsta Rådhus, Ørsta Rådhus

En time å gå ned til Ørsta Rådhus, det e longt ifrå her

Det tek ein time å gå ned til Ørsta Rådhus

Ørsta Rådhus, Ørsta Rådhus

En time å gå ned til Ørsta Rådhus

Ikkje at ej he noke der å gjer

Men i dag, Sirkel, i dag har du noko på Rådhuset å gjere! I dag må du ned for å røyste, sjølv om du "drit i politikk". For det er nemleg eigentleg berre du Sirkel, i lag med alle oss andre, som kan gjera noko med politikken – med "snikksnakk, reguleringsplana og tiltak" – og det er i dag me kan gjera det! Og sidan det er ein time å gå dit, må du sanneleg koma deg av garde, for det er heile fire år til neste gong du kan omkalfatre i Ørsta Rådhus! Det er no du har sjansen til å gjere vegen til Rådhuset litt kortare.

Annonse

Jammen er det litt av ein jobb å ta på seg eit kommunestyreverv.

I dag kan du seia ifrå om korleis du vil ha det – i dag må du finne den som talar di sak, finne din representant – den som legg dei reguleringsplanane og tiltaka som du ynskjer på heimstaden din – finne den som ikkje berre driv snikksnakk – røyste på den som ikkje berre "prata og sitte på raua". Og aller helst må du finne ein som ser noko lenger enn nasatippen (din), og som evnar å sjå breitt og prioritere godt til beste for oss alle.

Du skjønnar det Sirkel, at eigentleg skulle du ha stilt til val. Du som er breiddfull av gode meiningar, og ikkje minst løysingar og idear. God til å prate er du også! Du har omsut for grannen, for mor, for kulturen, potetåkeren og naturen!

Du hadde passa utruleg godt i kommunestyresalen på Ørsta rådhus. Det hadde heilt sikkert sett kveik i forsamlinga! Og så hadde du faktisk kunna gjort noko med både reguleringsplanar og tiltak, i staden for å sitje heime på nattetid og kritisere dei stakkarane som faktisk har teki på seg dugnadsarbeidet med å prioritere i kommunens sikkert altfor tronge budsjett.

For jammen er det litt av ein jobb å ta på seg eit kommunestyreverv. Ja – eg seier å "ta på seg" og ikkje "få" – sjølv om ein blir vald.

Ein tek på seg ein jobb med stort ansvar og komplekse saker. Ein blir pålagt å setje seg inn i ei mengd med saker, som ein aldri hadde drøymt om å bry seg det minste om. Ein blir nøydd til å prioritere tøft, til å svelge kamelar og "kill darlings". Ein er vald inn på eit program for å sitje i eit styre – i lag med folk som er valde inn på heilt andre program. Ein kan ikkje berre sitje og krangle i dette styret, men ein må prøve å finne løysingar og kompromiss som alle kan leve med. Og nett slik representere innbuarane i kommunen sin og prøve å skape eit lokalsamfunn til beste for alle.

Derfor er det så viktig at alle røystar og slik seier meininga si i dag. Og så må me ikkje gløyme å snakke med representantane våre også etter at valet er over! I heile kommunestyreperioden, må me seia ifrå i saker me bryr oss om, slik at dei som sit i kommunestyret får gode innspel i sakene dei skal handsame.

Eg synest me skal gje muntre heiarop til alle som får verv i kommunestyret sitt i dag. Hadde dei seti i styret til ei bedrift med same budsjettstorleik, så hadde dei vori godt betalt for jobben.

I staden ventar litervis med traktekaffe og tørre rundstykke, kommunestyremøte, gruppemøte, kommunerådsmøte og ikkje minst timevis heime med skrolling i saksdokument på kommunens kommunestyre-iPad-ar – utan eit øre. Så dei fortener absolutt eit på førehand TAKK!

Og om me vert frustrerte over lokalpolitikarane våre av og til, må me ikkje gløyme at dei også har rammevilkår frå regjering og Storting. Så hugs å tenkje lokalt når me finn vegen til røystelokalet att om to år – ikkje sant Sirkel?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gi lokalsamfunnene økt valgfrihet