Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rovvilterstatning – gjett på eit tal?

I lang tid har me kunne lese side opp og side ned i aviser, ikkje minst i Nationen, om tap av sau og rein til rovvilt.

Årsak: Det trengs forskningsprosjekt som kan gi grunnlag for nøyaktige og presise opplysningar om rovviltskadar. Foto: Arve Schaug

Om kor mange dyr dyreeigarane søkjer om erstatning for og kor mange dyr norske styresmakter innvilger erstatning for. Eit døme på dette finn me i Natonen 7. mars side 10-11.

Her les me mellom anna: "Per john Aslaksen Anti håper å få erstattet flere av reinsdyra sine etter at han vant rettsak mot staten om rovdyrerstatninger. [... ] I reindriftsåret 2012/13 søkte Anti om erstatning for 124 dyr, men fikk erstattet 49. Etter det neste året søkte han om at 115 dyr skulle erstattes, mens fylkesmannen i Finnmark mente 25 dyr burde erstattes. Etter at Anti klagde på vedtaket, omgjorde Miljødirektoratet tallet til 30. Da reindriftsåret 2014/15 var over, søkte han om erstatning for 128, Fylkesmannen ville erstatte 33, mens antallet etter klage til direktoratet ble 37."

Det er tydelegvis slik at både Miljødirektoratet, fylkesmennene, Miljødepartementet og domstolane kan vere involverte i å fastsetje talet på sau og reinsdyr som er drept av rovvilt og som difor skal erstattast av staten.

Det interessante spørsmålet som reiser seg er: kva grunnlag har dei statlege forvaltingsetatane og domstolane for å kunne fastsetje korrekte tapstal?

Annonse

Miljødirektoratet synes å byggje på såkalla «normaltap» til rovvilt, det vil si kor stor del av totaltapet som normalt skyldes rovviltet. Det skulle vore interessant om direktoratet kunne gjere greie for korleis ein har kome fram til desse «normaltapa». Er dei ulike for ulike delar av landet? Tek dei omsyn til kva for rovvilt (ulv, jerv, bjørn, gaupe, rev og kongeørn) som er til stades i området der det skal betalast erstatning? Kva er «normalfordelinga» av andre dødsårsaker (skårfeste, ulukker, sjukdom, giftige planter beinbrot etc)? Byggjer tala på omfattande forskingsprosjekt gjennomførde av forskingsinstitusjonar som er uavhengige av dei forvaltingsorgana som skal fastsetje erstatningane? Eller byggjer tala berre på direktoratet sine eigne studiar? Eller er det berre «gjett på eit tal»?

I denne saka tenkjer eg tilbake på eit forskingsprosjekt som Universitetet i Oslo gjennomførte på 1970-talet for å studere sauedød på heimtraktene mine i Setesdal. Universitetet utvikla ein radiosendar som kunne festast på sauer. Han var slik laga at dersom han vart liggjande i ro i lengere tid enn det som var naturleg kviletid for ein sau, så byrgja han å sende ut signal.

Forskarane gjekk då ut i terrenget med peileantennar og kunne spore opp det daude dyret. På denne måten kunne dei i dei fleste tilfella slå fast dødsårsaker og i tilfelle kva for rovvilt som var årsaka. Ulempen med denne sendaren var at han ikkje var GPS-basert og difor ikkje kunne opplyse om koordinatane for staden der den daude sauen låg. Med den rivande utviklinga IT-teknologien har hatt sidan den gongen bør det vere ei enkel sak å utvikle sendarar som også kan oppgi nøyaktig posisjon. Slik GPS-sporing blir i dag brukt i mange samanhengar til dømes studiar av dyr sine trekkruter og for bilnavigering.

Eg meiner det nå er på høg tid å setje i gang grundige og omfattande forskningsprosjekt som kan gi grunnlag for nøyaktige og presise opplysningar om rovviltskadar og om metodar for kontinuerleg kartlegging av rovviltskader. Forskinga skal gi eit realistisk grunnlag for skadeutbetalingar. Forskinga bør gjennomførast av frittståande forskingsinstitusjonar som universitet, høgskolar eller forskingsinstitutt. Finansieringa bør i hovedsak skje med statlege midlar frå departement og/eller Noregs forskingsråd, men gjerne supplert med løyvingar frå bondeorganisasjonane. Forskingsprosjekta bør ha ei eit styre der både utførande forskingsorganisasjon, offenleg forvaltingsmyndighet, dyreeigarar og bondeorganisasjonar er representerte.

Til slutt vil eg oppfordre til at næringsverksemder ser det store inntektspotensialet som ligg i å utvikle rimelege GPS-baserte sensorar som kan festas til sau og rein og tas i bruk i stor og brei skala. Eg er overtydd om at om få år, med dagens IT-utvikling, vil dette vere standard utrustning for alle sauebønder og reineigarar til å utstyre dyra med «GPS-bjeller».

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Jeg var en av dem som tenkte at bønder hvilte på laurbæra hele sommerhalvåret