Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rovdyr fremjer ikkje rein

Villreinen på Hardangervidda treng ro, ikkje jerv.

jerv
vinter
jerv vinter

I Nationen 9/11 meiner Tor Punsvik at ynglande jerv på Hardangervidda vil løyse problema med fottråte og andre sjukdomar som reinen her strir med.

Les innlegget til Tor Punsvik:

Ja, kondisjonstilstanden til villreinen på Hardangervidda er elendig: Gjennomsnittsvekt av 76 simlekalvar i åra 2001 til og med 2018 var berre 13,2 kg. Kalvar i god kondisjon veg kring 20 kg. Frå 2001 til og med 2019 er det født ca 33.400 kalvar og felt 22.481 dyr som tyder at om lag ein tredjepart av dyra har dauda utanom loveleg jakt.

Veterinærundersøkingane i 2014-2015 oppsummerte: «Funnene styrker hypotesen om at stor belastning med parasitter bidrar til låge slaktevekter i HV-populasjonen. Konsentrert» sommerbeiting i sørlige deler av HV de siste 10-15 årene har bidratt til stor forekomst av svelgbrems, hudbrems og hjernemark». Fotråte er ein sjukdom som blømer opp når dyra stend tett.

Annonse

Med sine 8130 kvadratkilometer er Hardangervidda Noregs største villreinområde. Bestandsmålet er ti-tusen vinterdyr. På papiret skulle reinen her ha god plass, men om sommaren har dyra stade samanklumpa på ca tjuge prosent av arealet i dei delar av Vinje som er utan merka turstiar og turisthytter. I ein fagfellevurdert artikkel er det nyleg ført prov for at folks ferdsel i stor grad påverkar reinens bruk av sommarbeita. Hovudproblemet for reinen på Hardangervidda er folks ferdsel som hindrar dyra i å bruke ein større del av vidda og dei beste sommarbeita i vest og nord.

Punsvik er ikkje aleine om å tru at jerven skal gagne villreinen. I ei høyringsinnspel til Kvalitetsnorm for villrein skreiv World Wildlife Fund: «Det bør også legges opp til at villreinområder kan ha permanent nærvær av store rovdyr, spesielt jerv, for slik å sørge for at områdene får en mer intakt natur. Dette vil være positivt for økosystemet og for turismen..».

Villreinforskar Skogland trudde og at jerven heldt nede talet på gamle og sjuke dyr. Men då han undersøkte aldersfordelinga hjå rein i Snøhetta villreinområde som hadde jerv og på Hardangervidda som var utan jerv, var der ingen skilnad i andelen gamle dyr. Det tyder på at Punsvik si tru på jervens velgjerningar for villreinreinhelsa er heller svakt rota i røynda.

Dessutan ser han heilt bort frå at jerven og andre åtseletarar er potensielle langtransportørar av skratesjukesmitte. Det er ikkje ei vitskapleg tilnærming til ein svært alvorleg sjukdom. Samstundes overser han at menneskeleg ferdsel er det største problemet for reinen på Hardangervidda. Slik viltforvalting har villreinen og bygdefolket null nytte av.

Ynglande jerv vil neppe gagne reinen stort, men sikkert øydelegge for beitenæringa og reinsjakta. Ikkje skal våre ævelege jakt- og beitemarker med urbane ulvelovar øydast. Det viktigaste tiltaket for å taka vare på reinen er å legge om nettverket av turisthytter og turstiar slik at dyra får meir gode beiteareal der dei kan beite uforstyrra. Utan det monar alt anna ingenting.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gjermundnes trenger nytt fjøs nå