Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Respekt for naturgrunnlaget

Kva ventar rovdyrfolket på når det kan bli ny regjering etter valet? Spørsmålet ligg og lurer etter at fleire har hevda at sauetalet bør halverast, og at rovdyrtalet kan aukast.

Her sauer og lam på utmarksbeite. Foto: Siri Juell Rasmussen
Her sauer og lam på utmarksbeite. Foto: Siri Juell Rasmussen

Desse spørsmåla har ulma lenge, og svara som har kome er villeiande, og har ingen realitet til dei røynslene me i dag kan taka fram.

Rovdyrtala er småe, men resultata ved angrep er stor, særleg etter ulv, bjørn og jerv. Til forsvar av desse dyra hevdar rovdyrfolk at desse dyra har stor økologisk verdi. Korleis denne verdien blir presentert er for meg ein påstand som blir ei gåte.

Myndigheitene for hundre år sidan tok tak i saka og innførde skottpremie på ulv og bjørn. Målet var den gangen å skapa ro og fredelege vilkår for beitedyra. Dette gjaldt alle beitende dyr både husdyr og vilt.

Resultatet viste seg snøgt, rovdyrtalet minka, og beitefreden gav god utvikling i trivnad og antal dyr. Den gongen fans det ingen som prøvde å forsvara rovdyra, dei fleste såg resultatet i nedgangen av rovdyr, og at skottpremie ar eit tiltak som hjelpte.

Få tok til orde om at dette ville skapa ubalanse i naturen. Som svar på det sto bygdefolket samla, og hevda at så lenge det finns rovdyr om det bære er eit så er livet for beitedyra usikkert. Det må også takast i vurderinga at beitedyra og det matnyttige viltet er eit naturleg haustingsbruk av utmarka.

Når det finns folk som hevdar økologiske verdiar av rovdyr ville det kanskje vera verdt å samanlikna den økologiske verdien av viltet og husdyra. Det er og slik at landbruk og husdyrhald er for dårleg respektert av naturfolk. Dei samiske tamrein driftene er og i same situasjon. Avvikling av naturbasert næringsverksemd angår alle som har bruk for naturbasert mat der naturen er råvareprodusert, og at dette er forstått og respektert. Det er derfor samarbeid mellom alle yrkesgrupper for å sikra levekåra for alle.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sp stuper i ny måling – flertallet glipper for rødgrønn trio