Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringas kulturmiljøpolitikk

Kulturmiljømeldinga har staka ut ein ny kurs for ein framtidsretta kulturmiljøpolitikk.

Middelalderkyrkje: Enebakk kirke i Viken. Foto: Øyvind Holmstad
Middelalderkyrkje: Enebakk kirke i Viken. Foto: Øyvind Holmstad

Den 17. april 2020 la regjeringa fram ei stortingsmelding der nye nasjonale mål i kulturmiljøpolitikken blei presentert. Måla knyter seg til omgrepa engasjement, berekraft og mangfald. Meldinga innfører òg omgrepet kulturmiljø som samleomgrep når heile feltet skal omtalast. Stortinget har gjennom si handsaming av meldinga slutta seg til dei nye nasjonale måla.

I Nationen 30. juni 2020 skriv Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) at regjeringa har valt å døype om "kulturminnevernet" til "kulturmiljøvernet" og at regjeringa meiner det er ein stor siger. Eg ser ingen grunn til å korrigere ordbruken til Sem-Jacobsen på dette punktet.

Les innlegget fra Åslaug Sem-Jacobsen her:

Men sigeren ligg først og fremst i at den nye kulturmiljømeldinga har staka ut ein ny kurs for ein framtidsretta kulturmiljøpolitikk der regjeringa løfter blikket og retter merkesemja på heilskap, samanhengar og kulturmiljøet sitt samfunnsbidrag. Dette er ein kulturmiljøpolitikk som er heilt på linje med den utviklinga vi ser i andre land, som til dømes Sverige og i EU.

Ei viktig satsing i kulturmiljøpolitikken, vil vere å utvikle bevaringsstrategiar. Dei skal bidra til å ta vare på eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø, og dei skal vere uavhengig av type kulturmiljø og tidsperiode. Dette var det fleirtal for i Stortinget.

Annonse

Likevel har Stortinget framheva ein særskild kulturminnekategori og lagt til grunn at ein av dei nye bevaringsstrategiane skal handle om kyrkjer, med eit særskilt mål om å sette i stand steinkyrkjene frå mellomalderen innan 2030.

Når regjeringspartia ikkje stemte for dette forslaget, var det ikkje fordi vi ikkje ønskjer bevaring av dei kulturhistorisk viktige mellomalderkyrkjene. Sjølvsagt skal vi arbeide for å bevare mellomalderkyrkjene, men eg meiner at innhaldet i bevaringsstrategiane må vere eit resultat av faglege vurderingar, prioriteringar og breie medverknadsprosessar.

Barne- og familieministeren, som har ansvaret for kyrkjene, understreka allereie i samband med handsaminga av stortingsmeldinga om Opplysningsvesenets fond i 2019, at staten vil sette av betydelege midlar til å sette i stand og sikre kyrkjebygga.

Sem-Jacobsen kritiserer òg regjeringa for å ha nedprioritert kulturarven økonomisk. Eg veit ikkje korleis ho har rekna for å kome fram til at kulturmiljøsektoren er underfinansiert med over 100 millionar kvart år. Det eg derimot veit, er at det har vore ei god budsjettauke på kulturmiljøfeltet under Solberg-regjeringa.

Sidan 2014 har budsjettet til Riksantikvaren og Kulturminnefondet har hatt ein auke på nesten 200 millionar. Det var under den raud-grøne regjeringa at Riksrevisjonen i 2009 rapporterte om store manglar og vedlikehaldsetterslep for kulturminne og kulturmiljø. Solberg-regjeringa har på si side sett i gang ei lang rekke tiltak.

Kort oppsummert så har budsjetta auka, landsverneplanarbeidet er nær fullført, stavkyrkjeprogrammet er fullført, det årlege tapet av kulturminne er redusert, og arbeidet i mange av dei ti bevaringsprogramma har gitt gode resultat. Sjølv om ein alltid kan ønskje seg meir pengar, syner desse eksempla at Sem-Jacobsen ikkje har grunnlag for å seie at regjeringa nedprioriterer kulturarv.

Med dei nye måla i kulturmiljøpolitikken skal kulturmiljøforvaltninga bli målt på korleis den bidreg til samfunnet. Det inneber at vi fortsatt skal ivareta kulturmiljø og redusere tap og skade på dei. Men det skal vere endå tydelegare korfor vi vil behalde, korfor vi vil dokumentere og korfor vi vil sette i stand.

Dei historiske spora er grunnlaget for å forstå vår tid og er dermed ein del av løysinga på samfunnsutfordringane i vår tid.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Småbrukarlaget mener departement undergraver rovviltforliket