Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa vil sikre leigetakarane

Regjeringa vil at alle skal bu trygt og godt, både dei som eiger og dei som leiger bustaden sin.

No lov til vurdering: Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik Foto: Lise Åserud / NTB
No lov til vurdering: Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik Foto: Lise Åserud / NTB

Vi vil føre ein aktiv bustadpolitikk som tek tak i utfordringane som over tid har utvikla seg i utleigemarknaden.

I ein kronikk i Nationen 3. august skildrar Lars Aasen i Leigebuarforeininga fleire av desse utfordringane. Leigetakarar har større risiko for å bu dårlegare og meir ustabilt enn bustadeigarar gjer.

Allereie i regjeringsplattforma varsla vi at regjeringa skal arbeide for å sikre rettane og bustadforholda for leigetakarar. Vi er i gang med ei ny stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk. Her vil tilhøva på utleigemarknaden verte eit viktig tema. For at alle leigetakarar skal ha gode bustadforhold, må vi mellom anna sørge for bygging av fleire bustader i heile landet og sikre leigetakarane meir stabile leigeforhold.

Aasen trekk med rette fram husleigelova som den viktigaste reiskapen for utleigemarknaden. Husleigelova skal sørge for ryddige og gode leigeforhold. Ho regulerer mellom anna kor mykje og ofte leigeprisane kan auke, og når ein kan seie opp eit leigeforhold. Det er viktig at lova stiller rimelege krav til utleiger og sikrar at leigetakarane har trygge og forutsigelege bustadforhold. Vi kartlegg no behovet for å revidere husleigelova, og korleis leigetakaranes kan sikrast betre og meir stabile leigeforhold. Sjølv om det er tidkrevjande, er det viktig at vi veit at eventuelle endringar faktisk løyser dei utfordringane vi ser.

Fleire av sakene knytt til leigeforhold som kjem frem i media, framstår som beint fram ulovlege. I desse dagar leitar mange etter ei ny stad å bu. Det kan hende at fleire tar til takke med hyblar og leigebustader som ikkje er godkjente til å bu i, eller med skadeleg inneklima. Eg oppfordrar alle som finn slike bustader: Sei ifrå til kommunen så dei kan rydde opp. Det er viktig at lover og regler for utleigeforhold blir følgt opp i praksis. Husleigetvistutvalet kan bidra med både informasjon og tvisteløysing, og er no tilgjengeleg i heile landet.

Sterk kostnadsauke i samfunnet gjer at det er krevjande tider for mange. Eg vil oppfordre utleigarar til å vere tilbakehaldne med å auke leia. Samstundes vil eg understreke at svært mange av dei som leigar ut større eller mindre del av eigedomane sine både er ansvarsfulle og gjev eit viktig bidrag til at alle skal kunne ha ein trygg og god stad å bu.

Neste artikkel

Vannhusholdning og kraftpris