Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa sine «ekspertutval»

Eg føreslår at regjeringa arkiverer rapporten om skattlegging av vasskraft under bokstaven B – Bestilt akademisk tullfjas.

Kraft: Eit utval føreslår å store endringar i skattlegginga av vasskraft. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Regjeringa har utnemnd eit såkalla ekspertutval som har uttala seg om framtidig skattlegging av vasskraftproduksjon og om skattetrykket hindrar renovering/nybygging av kraftanlegg (NOU 2019:16).

Ekspertutvalet er leia av tidlegare NVE-direktør Per Sanderud og resten av medlemmane er ein jusprofessor, ein advokat, to professorar i økonomi, ein postdoktor i økonomi og ein førsteamanuensis ved Handelshøgskulen i Bergen.

Her er det mange ekspertar på kvart sitt område, men representantar for dei som endringane påverkar og som veit kor skoen trykker (eigarkommunar og folk frå energibransjen) fekk dessverre ikkje bli med. Den einaste som kjenner noko til bransjen er Per Sanderud og kongstanken hans i NVE har i ei årrekke vore å få til så store selskap som mogleg i bransjen («stort er best») ved å lage retningsliner slik at livet blir surt for små og mellomstore selskap.

Eg har støtt trudd at når noko skal utgreiast, så er det viktig å sette saman ekspertar med grunnleggjande kunnskap. I dette tilfellet manglar bransjekunnskapen, og når vi ser kva ekspertutvalet har konkludert med, blir eg svært forundra.

Det mest dramatiske som ekspertane føreslår er å avvikle heile konsesjonskraftordninga, som har vore storsamfunnet sin takk i over 100 år til 323 småkommunar i distriktet for at dei har stilt naturressursar til disposisjon for produksjon av fornybar kraft. Samen med dei føreslåtte endringane i eigedomsskatten mister kommunane samla ca. 3,7 milliardar kr/år (i snitt ca. 11 millionar kr/år pr. kommune). Fylkeskommunane mister ca. 0,7 milliardar kr/år.

Ekspertane er misunnelege på enkelte kommunar (for eksempel Bykle og Modalen) som har hatt veldig store inntekter av konsesjonskrafta men i staden for å foreslå reduksjon av inntekter for desse få, straffar dei alle kommunane.

Den store vinnaren her er staten, som i sine eigne produksjonsverk (for eksempel Statkraft) slepp å levere billig konsesjonskraft til kommunar og fylkeskommunar. Dersom ein tek med skattemessig verknad for grunnrenteskatt og eigedomsskatt mm vil staten samla få ei meirinntekt på ca. 3,8 milliardar kr/år.

Annonse

Og så kjem det som er veldig morosamt. I mandatet til utvalet står det at verknaden av samla endringar skal vere «provenynøytralt». Ekspertutvalet seier derfor at summen som kommunar og fylkeskommunar taper (4,4 milliardar/år) er større enn det som staten tener (3,8 milliardar/år), og derfor må staten få meir. Dei foreslår derfor å auke grunnrenteskatten frå 37 prosent til 39 prosent slik at staten får 0,6 milliardar kr/år meir. Det er berre økonomar i statleg teneste som kan foreslå noko så umusikalsk som dette.

Alle desse nyordningane for kraftbransjen, gjer livet surt for små og mellomstore selskap. Det er selskap ute i distriktet som får dei største utfordringane med å overleve.

Kraftselskapa får sjølsagt litt større samla inntekt når dei kan selje konsesjonskraft til børspris, men staten vil forsyne seg grovt av dette overskotet med ein auke på 2 prosent i grunnrenteskatten. I tillegg flyttar ekspertutvalet grensa for grunnrenteskatt nedover frå installasjon på 10.000 kVA i eit kraftverk til 1.500 kVA. Dette betyr auka statleg inntekt og samtidig auka kostnad for ein god del kraftverk, fordi mange fleire kraftverk blir pålagt grunnrenteskatt på 39 prosent i tillegg til ordinær selskapsskatt på 22 prosent.

Verknaden av denne grenseflyttinga for grunnrenteskatt vil truleg føre til bråstopp for utbygging av meir fornybar vasskraft – stikk i strid med det som står i mandatet til ekspertutvalet.

Det positive med rapporten er at forslaga passar veldig godt inn i eit større bilde som regjeringa ønsker, for både utvalsformannen og styresmaktene meiner at store selskap er dei mest rasjonelle. I tillegg har regjeringa tidlegare bestemt at det skal bli selskapsmessig skilje mellom nett og andre verksemder i kraftselskapet frå 2021. Denne nyordninga gjev auka kostnad for alle straumkundane utan at det i praksis betyr noko som helst.

Vidare bestemte regjeringa under ein «kamelmiddag» på Granavolden at det skal vera funksjonelt skilje mellom nett og kraft der det er fleire enn 10.000 nettkundar. Dette betyr at tidlegare praksis med rasjonelt samarbeid innan heile kraftselskapet ikkje lengre blir tillate og at dette rammar små og mellomstore selskap i distriktet. Det pussige her er at vår «kameletande» regjering har bestemt funksjonelt skilje ved 10.000 nettkundar medan Europa har ei grense på 100.000 nettkundar!

Alle desse nyordningane for kraftbransjen, gjer livet surt for små og mellomstore selskap. Det er selskap ute i distriktet som får dei største utfordringane med å overleve. I tillegg foreslår ekspertutvalet å fjerne konsesjonskraftordninga og da får kommunane i distriktet store problem med å oppretthalde tenestetilbodet.

Rapporten er nok eit døme på tiltak for sentralisering og utarming av distriktet. Regjeringa kunne spart utgifter til utvalsarbeidet, fordi dette er eit bestillingsverk. Eg føreslår at regjeringa arkiverer rapporten under bokstaven B – Bestilt akademisk tullfjas.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Signalene fra Nav bør bekymre Stortinget