Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa gjev pelsdyrbøndene ein langsam og pinefull død

Eg skjemmast, og vil beklage på vegner av mitt eige parti.

Margrete Dysjaland, fylkesordførarkandidat for Frp i Rogaland. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Bollestad sitt høyringsbrev på kompensasjon til pelsdyrbøndene er lagt fram, og min første tanke gjekk rett på Johnny Cash si strofe: «I shot a man in Reno, Just to watch him die…».

Tolk det som du vil, men eg er skuffa, frustrert og oppgitt over regjeringa og landbruksministeren. Det er rett og slett utruleg at dei ikkje har tatt inn over seg konsekvensane av Venstre sitt ønske om å leggje ned ei berekraftig og viktig distriktsnæring. Det er utruleg at dei ikkje har høyrt etter i debatten i Stortinget med krav frå politikarane om at bøndene skal få rettmessig kompensasjon.

Annonse

Då Jeløya-plattforma vart lagt fram kan eg hugse eg tenkte at dei ikkje har noko aning om kva som vil verte konsekvensane av vedtaket. Det er paradoksalt at eit lite parti kan ha så stor makt at dei legg framtida og økonomien i grus for 200 familiar. Eg har av og til undrast på om Trine Skei Grande tenkte på at det er menneske det er snakk om, familiar og born som vert råka, då ho under pressekonferansen i 2018 sa at næringa skulle avviklast.

Eg skjemmast, og vil beklage på vegner av mitt eige parti, regjeringa og politikarar generelt til bøndene og familiane som vert råka. No står kampen om rettmessig kompensasjon. Vedtaket om å avvikle pelsdyrnæringa er gjort, der er det ingen veg tilbake.

Men me skal jammen meg sørge for at familiane ikkje vert straffa to gonger. Å avvikle er ei straff, økonomisk ruin er ei anna. Så lenge eg er på vakt for Rogaland Fremskrittsparti, skal eg kjempe for at dette ikkje skjer.

Eg vil ikkje gå inn i historia som ein av politikarane som sette barnefamiliar i økonomisk ruin. Eg håpar ikkje resten av regjeringspartia vil det heller.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK