Har ikkje Torvmark og Digital Radio Noreg AS lova deg «meir enn 30»? Eg høyrer stadig om lyttarar som berre får inn ein kanal. Den heiter «No signal».
FM i mono rakk 99,9 prosent av Noreg. FM hadde geografisk dekning. DAB har befolkningsdekning. Sjuskete greier. Difor kan ikkje talet på DAB-kanalar plastre såret som FM-sløkkinga påførte norske radiolyttarar.
Les innlegget av Audun Skjervøy her:
Motstandarar av DAB? Eg kjenner berre misnøgde radiolyttarar. DAB-lyden er skral. Musikk i lav bitrate er komen for å bli, seiest det. Eg trur ikkje noko på det. Kina-plast kan jo gjere einkvar einstøing lukkeleg i nokre timar. Til batteria går tomme i øyreklokkene.
Vi DAB-kritikarar er opptekne av kvifor Noreg er einsame om å stenge det nasjonale FM-nettet, kvifor FM no er blitt forbode i dei fire største byane, og kvifor norske myndigheiter er sysselsett med å blidgjere to utanlandske selskap.
DAB-kritikarane er skeptiske til korleis NRK i den eine augeblinken opptrer som seriøs nyheitsformidlar, og i den neste augeblinken kan vere ansvarlege for kommunikasjonen ifrå Digital Radio Norge AS – altså dei som serverte den eine dab-løgna etter den andre.
Her er nokre kalde fakta: Norsk, dagleg radiolytting er på lågaste nivå i Europa. Lyttetida blant norske radiolyttarar er ein time lågare enn i EU. 8 av 10 norske DAB-lyttarar bur på landet.
76 prosent av alle norske dab-lyttarar er over 40 år. DAB har ikkje skapt nokon verdiauke.
Den norske DAB-utbygginga er difor ei «dabitalisering» som Noreg er heilt aleine om i verda. Sveits har endå ein gong utsett å sløkke FM – til 2024. Kvifor?
Verdsstandarden FM og Internett er framtidas vinnarar i eit internasjonalt perspektiv. DAB vert difor berre ein parentes. Svært pinleg for Noreg. Digitalisering av radio skjer på Internett.
FM er ein tilgjengeleg naturressurs som er gratis å frigjere. Kvar einaste FM-aktør eig nemleg sitt eige sendeutstyr, og publikum har FM-mottak i alle radioar som er selde i Noreg dei siste 60 åra.
BBC Radio2 har no ein vignett som fortel om distribusjonen deira. Den seier mykje: «On your smartphone, on your smartspeaker, and on 95–99 FM......». Difor er DAB ei uttørka brud. Trass i at DAB er utbygd over heile Storbritannia, er dab no ikkje eit tema hos BBC. DAB – er nemleg dau.
«Når folk skal betale for NRK over skatteseddelen, har vi alle da også krav på muligheten til å få NRKs tjenester tilgjengelig på tilfredsstillende vis?» spør Siv Mossleth i Sp den 25. oktober i år retta mot statsråd Trine Skei Grande:
«Det er steder hvor det er vanskelig å få inn DAB. Det er også problemer å få inn dab i enkelte husstander.»
Då innlegget til Audun Skjervøy vart publisert i Nationen – var ikkje Ole Jørgen Torvmark sein med å kvittere i ei kvikk melding på Twitter:
«Må innrømme at jeg burde ha lest Nationen oftere. Kunne ihvertfall ikke sagt dette bedre selv».
Ein kan berre spekulere i korleis ein bonde med øyreklokker ute i åkeren freistar å framstå som ein reflektert DAB-lyttar. Han lyt freiste igjen. For denne gongen fell argumenta hans som nysådde korn i ei kald steinrøys.