Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Poden drøymer om å køyre traktor

Armar og føter har vuksi seg lange og sterke nok. Interessa er upåklageleg. Det manglar berre ein ting: Alderen.

Me veit så inderleg vel kor moro det er å køyre, skriv Aasmund Nordstoga. Foto: Siri Juell Rasmussen

I februar blir gutungen 12 år. Trass at skrotten er lang nok, og armar og bein nokonlunde koordinert, er det tre lange år innan me kan øvingskøyre med traktor – lovleg.

I haust kjøpte eg ein minilastar for å komplettere den nye fôringslinja i fjøset. Og sjølvsagt til mange andre arbeidsoppgåver. Gutungen sende lange blikk etter den. Maskina er akkurat under grensa på 15 KW. Ein treng altså ikkje maskinførarbevis – men kva med aldersgrense?

Eg spurde forhandlaren, han visste ikkje. Eg sjekka «Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav». Den seier heller ikkje noko om alder – berre om motoreffekt. I allfall så langt som eg greidde å lesa meg til.

Kvifor er ikkje maskina utstyrt med eit dokument som fortel meg om krav til føraren?

Eg har likevel ein mistanke om at ein må vera 15 år og under oppsyn og i trygge omgjevnader.

Eller skal me skite i det og sleppe ungdomen til? Slik at han eller ho tidleg lærer seg å handtere reiskapen skikkeleg, og bli ein verkeleg god og sjølvstendig maskinførar? Er det ikkje slik at dess tidlegare ein byrjar, dess betre blir ein, slik som det ofte vert hevda med idrett og musikk?

Så flyttar me grensa – me veit så inderleg vel kor moro det er å køyre! Og så får me ungdomen i aktivitet og avløyst frå skjermen! Så lenge me held oss på flatmark, så, eller kanskje på setra – så er det vel greit? Poden er då så flink, og veit kva han (eller ho) gjer! Dessutan får alle andre også lov ...

Eg har opplevd yrkesbrør som har skrytt av poden som gjorde heile våronna åleine, eg veit om firehjulingar for småtroll, snøskuterkøyring langt utanfor løypenett og nytteperspektiv, og opplevd at det er OK å køyre bil etter eit par drammar, så lenge ein held seg på grusveg.

Berre ingen ser det.

Tenk om me tok oss i nakken og våga å lære oss kunsten å vera kjipe foreldre?

Annonse

Det er om å gjera å ikkje bli teken. Ingen refleksjon over kvifor det er ulovleg.

Me lærer altså ungdomen opp til at det ingen andre ser, det er lov.

Med slik oppseding, er det ikkje å undrast over at det går forferdeleg gale så altfor ofte. Det er for seint å setje grenser når ulukka er ute. Me som er så krye av bygdekulturen, gløymer aldeles at me også eksponerer ein ukultur som kvart einaste år røvar ungdomar livet.

Regelverket er ikkje vedteke for moro skuld. Likevel let me oss presse av bedande blikk. Kven vil vel vera ein kjedeleg forelder når alle andre er så innmari greie?

Eg er svært svak for ungane mine sine bedande blikk. Eg kjenner også kor vanskeleg det er å seia nei når dei bed om noko dei har gruleg lyst til, sjølv om det eigentleg ikkje er lov. Og kva er det som gjer det vanskeleg?

Jau, det klassiske argumentet om at «alle andre» gjer det. Kanskje dette eine er faktoren som gjer at ungen din kjenner seg som ein del av ein flokk? At dette eine gjev status i gjengen? At ungen din får aksept og det som på fint heiter kredibilitet? Ja, kanskje til og med litt sårt tiltrengt misunning?

Eg veit at det ikkje blir særleg populært hjå den unge garde i heimen, at eg eksponerer dette temaet i avisa. Tenk om nokon han kjenner les det! Kva vil kompisane seie?

Eg veit sanneleg ikkje om det er særleg populært hjå yrkesbrør og -systre heller, for risikerer me ikkje at desse ungane tek nøklane i eigne hender og køyrer på sjølvstyr – utan tilsyn – dersom me er så «strenge»? Er det ikkje trass alt betre at ein vaksen fylgjer med?

Ja, men nei, det er faktisk ikkje det. Fordi me ikkje kan akseptere regel- og lovbrot. Me må taka den sure jobben med å skape haldningar både hjå vaksne og ungar – som hjelper oss alle til å halde oss på rett side av regelverket. Ikkje for regelverkets skuld, men for livets.

Tenk om me greidde å snu dette. Tenk om me tok oss i nakken og våga å lære oss kunsten å vera kjipe foreldre?

Ja, dersom me foreldre greier å setje grensa der ho er meint å vera for alle som ein – vil alle bli like keisame – eller kanskje heller – like greie?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Et land av middelmådighet?