Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Plantekost = evig liv?

Kalchenko og Johansen er for n-te gong ute med lovprising av plantekost.

Innsendaren er kritisk til plantekost. Foto: Mostphotos
Innsendaren er kritisk til plantekost. Foto: Mostphotos

Samstundes kjem tilsvarande stempling av raudt kjøt som helsefarlig. Hovedmomentet var å understreka at ein kan få nok protein gjennom planter.

Dette er nok riktig, men med ein mindre gunstig aminosyreprofil må ein innta meir protein enn om ein også et animalsk føde. Det er neppe tilfeldig at kroppsbyggarar nyttar myseprotein.

Les innlgget til Kalchenko og Johansen her:

Det er ikkje måte på kva elende vi utset oss for med å ete (raudt) kjøt. Eg vil utfordre Tanja Kalchenko og Nina Johansen frå Helsepersonell for plantebasert kosthold til å svare på nokre spørsmål:

1) Kva for endringar i kosthaldet gjorde det mogeleg for homo sapiens å utvikla seg frå sine apeforfedre?

Annonse

2) Førte jordbruksrevolusjonen til at menneska fekk betre helse enn dei hadde som jeger-samlarar? Kvifor gjekk gjennomsnittshøgda ned med 6 tommar?

3) Hong Kong har verdas høgaste kjøtinntak, med cirka 150 kilo per år. Korleis kan dei samstundes ha verdas høgaste levealder?

4) Norge er på 60. plass i verda når det gjeld kjøtkonsum. Korleis kan norske kvinner ha mest tarmkreft, og norske menn halde ein 4. plass på denne dystre statistikken?

5) Dei lange omega-3-feittsyrene EPA og DHA spelar ei viktig rolle for hjerne og nervesystem. Korleis skal eit reint plantekosthald gje oss nok av desse?

6) Den svært negative utviklinga av folkehelsa i USA har skjedd parallellt med nedgang i konsumet av raudt kjøt, medan konsumet av fjørfe og planteoljer har skote i vêret. Er det raude kjøtet (storfe, sau, vilt) verre enn det ljose?

7) Hjå alle naturfolk er det jegrane som har høgast status. Korleis kan dette ha seg dersom kjøt gjer dårlegare helse og svakare avkom?

8) Antioksidantar har vore eit argument for å ete frukt og bær, men kroppen produserer sjølv desse etter behov. Kvifor skal vi då utsetta oss for eit høgt sukkerinntak gjennom eit høgt inntak av frukt og bær?

Hugs å ta tilskot av D-vitamin i den mørke årstida! Her kjem også kjøt til kort.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kritisk for ett av våre aller viktigste yrker