Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pelsdyrnæringa si framtid?

Regjeringa si fremste oppgåve er å legge tilhøva til rette for næringsutvikling i heile landet og særleg styrke næringslivet i utkantar der ein manglar næringsutvikling.

Nedlegging: Vedtaket om nedlegging av pelsdyrnæringa saknar sidestykke i vår politiske historie. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Nedlegging: Vedtaket om nedlegging av pelsdyrnæringa saknar sidestykke i vår politiske historie. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Vedtaket om å legge ned pelsdyrnæringa er det så spesielt, at det saknar sidestykke i vår politiske historie frå stortinget. Når alle i Høgre som parti er imot eit slikt forbod kan ein ikkje anna enn undre seg og registrere at Erna Solberg vrakar høgreprinsippa til fordel for ei fleirtalsregjering. I debatten er det sagt at det var betre om Venstre vart nedlagt i staden for pelsdyrnæringa.

Venstre gjorde seg til dyreaktivistar og i regjeringsforhandlingane klarte partiet trumfe igjennom si politiske hjartesak, om å legge ned vår lange og tradisjonsrike pelsdyrnæring frå februar 2025.

Pelsdyrnæringa har vore av stor betydning, som både attåtnæring og næringsgrunnlag i mange bygder over heile landet i meir enn 100 år. Det mest fantastiske er at Høgre prostituerer seg politisk for å sikre seg regjeringsfleirtal og politisk makt ved hjelp av eit miniparti som Venstre, med liten støtte i folket, vert dei avgjerande for vedtak som skader ei heil næring på landsbasis. Eg vil tru at så vel Frp som KrF vil ha problem der dei bryt sine politiske prinsipp og programlovnader då dei stemte for nedlegging av pelsdyrhaldet.

Far min var bygdeslaktar og dreiv som attåtnæring ein pelsdyrfarm med sølvrev, blårev og hadde også platinarev. Dette var før 1940 og han tente såpass at han kunne skaffe seg eigen bil for å køyre heim huder og skinn og slakteavfall til revefôr. Den tida var Vevang eit fiskevær med fiskemottak der ein kunne kjøpe fiskeavskjer til revefôr. Næringa nytta fôrgrunnlag, som elles ville gå tapt.

Annonse

Eg heldt fram med mink etter at det vart slutt med rev. Eg brukte pengane eg fekk i konfirmasjonsgåve til å kjøpe livdyr og det vart bygd skur og starta med minkfarm. I mi heimbygd Vevang vart det etter kvart seks minkfarmar og vi fekk eit miljø og konkurrerte om å ha dei beste livdyra som på utstillingar vart premiert og ein fekk diplom til å henge på veggen.

Det vart laga kryssingar som gav godt betalte skinnprisar. Eg var på Arteid då det vart halde auksjon etter importen av Jetblack frå Canada, og den som var først ute gjorde gode pengar det første året. Eg var så heldig å lukkast og gjorde det godt økonomisk dette eine eventyråret.

Pelsdyrnæringa har ikkje vore subsidiert, men har i staden gjeve reine valutainntekter på mellom 300 -500 millionar kroner årleg, etter som marknadsprisane har svinga. Det har skapt ekstra kjøpekraft som har kome næringa og deira lokalsamfunn til gode. Det er slik eit økonomisk overgrep mot dei som driv og økonomisk toskeskap av regjeringa.

Arbeidsplassar med ferdigfôrproduksjon og pelsingsentralar må leggast ned og arbeidsplassar går tapt. Ein får ikkje lenger nytte slakteavfallet til pelsdyrfôr og det same gjeld for pelsdyrfôret frå fiskeindustrien. Det skaper eit forureiningsproblem som ein ikkje hadde då pelsdyrnæringa nytta fiskeavskjeret og slakteavfallet til pelsdyrfôr.

Etter grunnlova skal stortingsvedtaket om nedlegging av pelsdyrnæringa erstattast. Då vert korkje dyreaktivistar eller regjeringa så framtredane og villige til å ta ansvar og konsekvensane av vedtaket. Debatten gjev mest inntrykk av at dei ansvarlege heldt seg meir i bakgrunnen med ei berre delvis økonomisk erstatning og helst vil at pelsdyrnæringa skal stå att som den største taparen. Etter sterkt politisk press er det no gjort eit vedtak i Stortinget om at tapet næringsforbodet fører til skal erstattast.

Det dramatiske vedtaket om nedlegging av pelsdyrnæringa er fatta og vårt politiske system er slik at ein ikkje kan gjere om att, sjølv eit så meiningslaust vedtak. Sjølv om det no er gjort eit vedtak om full erstatning til pelsdyrnæringa, så burde konsekvensen vere at ei ny regjering gjer om vedtaket om nedlegging og avskaffar forbodet i neste stortingsperiode.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Koronatiltakene må bidra til grønn verdiskaping på lang sikt