Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Passiv Elvestuen om framtidig matproduksjon

Har han gløymt var den fantastiske måten norsk landbruk utnyttar areala på?

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V). Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB scanpix

FN kom med ein klimarapport om matproduksjonen i verda førre veke. Den slår blant anna fast at landbruk, skogbruk og anna arealbruk står for 23 prosent dei globale klimautsleppa, og dette er særleg knytt til avskoging av regnskog som blir endra til beite og soyaplantasjar.

I Norge står jordbruket for 8,5 prosent av klimagassutsleppa våre, medan skogen vår bind karbon tilsvarande halvparten av Norges årlege utslepp. Eit fantastisk karbonlager.

FNs rapport åtvarar mot dei store øydeleggingane av landareala våre som følgje av eit klima i endring og slår fast at alle bransjar må bidra uansett nosituasjon og det gjeld også matproduksjonen.

Eit samla norsk landbruk har inngått avtale med regjeringa der vi forpliktar oss til å redusere klimautsleppa med 5 millionar tonn CO2 i løpet av tidsperioden 2021–2030. Dette gjeld for landbruket sine totale utslepp, både fossile og biologiske. Dette er ambisiøst fordi norsk landbruk allereie har låge utslepp, samanlikna med internasjonalt landbruk. Rapporten seier også at vi er forplikta til å oppretthalde matproduksjonen i eit meir utfordrande klima til ei veksande befolkning.

Annonse

For mange menneske på jorda handlar det ikkje om eit vegansk måltid eller eit kjøttmåltid, det handlar utelukkande om å skaffe nok mat. Klimaendringane som vi er i ferd med å føle på også her i Norge vil true internasjonal matsikkerheit i langt større grad enn vi skulle ynskje.

Norge saman med alle andre land i verda har eit ansvar for å legge til rette for ein størst mogleg nasjonal matproduksjon. I Norge handlar det om å auke planteproduksjonen både av korn, grønsaker og proteinvekstar, det handlar om å utnytte beiter både i låglandet og i høgfjellet til kjøtproduksjon, det handlar om å nytte grasområda våre til å forvandle lågverdig protein i graset til høgverdig protein i form av mjølk og kjøt som vi menneskja treng. Drøvtyggaren er ikkje eit problem, eigentleg er dei «eit lite under» i matproduksjonen.

Når vår eigen klima- og miljøminister Ola Elvestuen kommenterte rapporten i Nationen (12.08-19) var det sjølvsagt eit fokus; kjøttforbruket må ned. Han løfta i tillegg fram avtala om reduksjon i klimautslepp frå landbruket, men gløymt var den fantastiske måten norsk landbruk utnyttar areala på. Ingen framtidsretta kommentarar kring auka sjølvforsyning, ingen ambisiøse målsettingar kring eigen proteinproduksjon. Rett og slett passive tankar om norsk matproduksjon frå Elvestuen.

Skal vi ta rapporten frå FN på alvor so må vi auke norsk sjølvforsyning først og fremst gjennom å auke produksjonen av korn og høgverdig planteprotein. Kanskje burde vi sjølve i landbruket meisle ut ein arealpolitikk som er meir presis enn i dag, slik at vi nyttar den beste jorda enno betre enn i dag.

I eit normalår burde vi komme dit at vi ikkje treng importere korn, i alle fall ikkje fôrkorn. Anten treng vi ei storstila nydyrking i kornområda, eller so må vi få redusert grasdyrking på kornjord slik at vi får opp korn og protein produksjonen i Norge.

Dette vil legge til rette for at drøvtyggarane utnyttar graset i område der det vanskeleg kan leggast til rette for «høgverdig» planteproduksjon, samtidig får vi frigjort areal til produksjon som kan auke sjølvforsyninga.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Genredigering av storfe