Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Overproduksjon av egg kan øydelegge næringa

Prognosane for eggproduksjonen viser ein aukande overproduksjon som nærmar seg tre tusen tonn.

Vi forventar at regjeringa leverer på ei endring av eggproduksjonen som sikrar dei etablerte eggprodusentane ei berekraftig framtid, skriv forfattarane av innlegget. Foto: Mostphotos
Vi forventar at regjeringa leverer på ei endring av eggproduksjonen som sikrar dei etablerte eggprodusentane ei berekraftig framtid, skriv forfattarane av innlegget. Foto: Mostphotos

Mykje av bakgrunnen for den aukande overproduksjonen kan tilskrivast nyetableringar i eggnæringa dei siste åra. Ein utnyttar mottaksplikta Nortura som marknadsregulator har, og heile eggnæringa betalar i dag prisen for dette gjennom høg omsetningsavgift. Situasjonen i eggnæringa er ikkje berekraftig på sikt, og det hastar med nye verkemiddel.

Vi forventar at regjeringa saman med faglaga løyser to hovudutfordringar i løpet av kort tid:

1) Innfører etableringshinder / etableringsstopp i eggnæringa. Dette gir ingen verknad på dagens overproduksjon, men er avgjerande for å sikre ein framtidig eggproduksjon i tråd med kva marknaden etterspør.

Annonse

2) Utvidar verktøykassa for marknadsregulering slik at dagens produksjon blir redusert. Meir kraftfulle tiltak enn vi har i dag må til for få ein produksjon som er i tråd med etterspørselen.

Får vi ikkje på plass nye verkemiddel i eggproduksjonen er vi redd vi kan få ei sterk sentralisering av produksjonen. Tidlegare landbruksminister Jon Georg Dale tok i forslaget til ny landbruksmelding til orde for ei sentralisering av eggproduksjonen gjennom ei avvikling av marknadsordningane for egg.

Skulle dette forslaget komme opp på nytt grunna svak økonomi og stor overproduksjon endar raskt eggproduksjonen over i «kyllingmodellen». Då er eggproduksjonen som ei viktig distriktsnæring, ferdig på kort tid.

Den spreidde eggproduksjonen vi har i dag gir verdiskaping i store deler av Norge, lågare smittepress og sikrar grunnlag for drift på mange gardsbruk i distrikta.

Mange etterlyser retningsendringar i norsk landbruk og vi forventar at regjeringa leverer på ei endring av eggproduksjonen som sikrar dei etablerte eggprodusentane ei berekraftig framtid og eggnæringa som ei fortsatt viktig distriktsnæring.

Neste artikkel

Dette er helt avgjørende for å sikre pris og gode rammevilkår for bonden