Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oss og Oslo

Er det verkeleg sånn at det er folk i Oslo som har skulda for alt som ikkje fungerer her i landet?

Oslo låg langt vekke og var ein målestokk for suksess då eg vaks opp. Folk på fjernsyn var frå Oslo. Folk eg las om i bøker var frå Oslo. Heile Oslo var som ei spennande, fiktiv verd. Oslo er ikkje lenger ein fiksjon, men ein tilstand eg er ein del av.

Det liknar i grunnen mykje på eit kvardagsliv.

Men bildet folk utanifrå lagar av Oslo har framleis noko mytisk over seg. Oslo-eliten er eit omgrep som stadig dukkar opp i debattar som handlar om landet utanfor hovudstaden. Sjølv bur eg tre t-banestopp frå Stortinget. Og eg tippar at dei færraste i nabolaget mitt har vore innanfor eit departement eller Stortinget, eller har tilgang på personar som har reell makt.

Jodå, det er mykje makt samla i institusjonar i Oslo. Men avmakt finst også her i byen, nett som andre stader i landet. Det er store klasseskilnader, utdanningsnivå og inntektsnivå varierer sterkt mellom ulike bydelar og ulike menneske, og i enkelte nabolag er barnefattigdommen høg.

Folk har ulik bakgrunn, ulike meiningar og ulik tilgang til å utøve makt, her som andre stader. At Stortinget ligg berre ein t-banetur unna bustaden din, gjer deg ikkje til ein del av ein elite.

Kvar gong nokon drar sentrum-periferi-kortet eller gir denne såkalla eliten i eit eller anna sentrum skulda for at ting ikkje går vegen i deira del av landet, døyr trua mi på at det skal gå an å engasjere fleire i saker som gjeld heile landet.

Landet utanfor Oslo er sikkert som ein fiksjon for mange som bur her.

Avstanden mellom livet i byen og livet i distrikta har tradisjonelt vore stor, med fordommar begge vegar. Det har blitt lettare å komme seg frå a til å, men på same tid har det blitt lenger mellom by og land.

Fleire buset seg i byar og bynære strok, og færre av dei har noka tilknyting til landet utanfor. Det er færre som har ein bestefar eller ei tante med ein gard eller fiskekvote. Det er færre som har slekt andre stader i landet.

Vi er alle oss sjølv nærmast. Og for mange er det derfor lite å bry seg med utanfor grensene til byen dei bur i. Kjennskapen og forståinga om primærnæringane, lensmannskontora, lokalsjukehusa, kommunesamanslåingar og regionreform, til avstandar mellom stader og folk, er nærmast fråverande. Og kvifor skal dei bry seg?

Annonse

Det trur eg i grunnen mange lurer på. For kva har dette med dei å gjere? Nokon må fortelje dei det. Og det er viktig at det blir gjort.

For det som skjer i den delen av Noreg som ikkje er byar, angår alle. Det blir skapt verdiar i heile landet, det blir produsert mat, fornybar energi, det blir hausta frå havet og pumpa opp olje. Natur og kultur saman og kvar for seg lokkar turistar til landet. Heile landet. Alt dette er avhengig av folka som bur der.

Det landet utanfor byane treng, er tilliten, samvitet og ansvarskjensla til dei som bur i sentruma.

Den såkalla Oslo-eliten nyt også godt av at det som blir skapt av folk i distrikta. Men det trengst betre argument, færre generaliseringar og noko meir enn ein slapp hersketeknikk om ein elite for å få folk i byane til å forstå kvifor det bur folk andre stader i landet, kva desse folka driv med og kvifor det angår dei sjølve. Det er mykje å vinne på å stogge polariseringa og heller snakke til folk, som folk.

For folk tar avgjerder for seg sjølv, kvar einaste dag, same kvar dei bur. Og same kor mykje makt dei har i den store samanhengen. Dei kan også endre meining om ei sak, viss det finst gode nok grunnar for det. Hersketeknikkar er gjerne noko ein tyr til i eit forsøk på å svekke dei som meiner noko anna enn seg sjølv, og ofte i mangel på betre argument.

Det landet utanfor byane treng, er tilliten, samvitet og ansvarskjensla til dei som bur i sentruma. Den viktigaste grunnen til å ta folk som bur i byane og det dei står for på alvor, er at det blir stadig fleire av oss. Det er i byane det bur flest folk, det er her det blir brukt mest pengar i matbutikken, her er det veljarar som er med på å bestemme kven som skal få makt og korleis landet skal styrast av dei med reell makt. Heile landet. Då er polarisering det dårlegaste verkemiddelet. Det skapar større avstand mellom folk.

Det handlar ikkje om å gjere heile verda til senterpartistar, men om å prøve å argumentere for og bygge opp kunnskap om saka si. Fortelje historia frå sin ståstad og gje eit anna perspektiv til dei som ikkje ser det sjølv.

Landet utanfor Oslo er sikkert som ein fiksjon for mange som bur her. Men landet blir ikkje mindre, avstandane blir ikkje kortare eller fylka og kommunane mindre samanslåtte av å dra sentrum mot periferi-kortet eller gje folk i Oslo skulda for alt som ikkje fungerer her i landet.

Det er ei kraftig forenkling som ikkje bidrar til anna enn å gjere vegen ut av Oslo endå lengre enn han treng å vere.

Inger Johanne Sæterbakk skriv fast til Nationens debattarena Motkultur.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fri til å være arbeidsledig