Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ompa til vi døyr

Kanskje har det sige inn over dei mest standhaftige kultursnobbane at mykje av det musikklivet og kulturlivet dei set høgt, ikkje ville ha funnest utan den breie og livskraftige korpsrørsla.

Slik lèt landet: Korpsa er lyden av Noreg, sa kulturministeren nyleg. Her er det Valldal skulekorps som kjempar for å overdøyve vind og regn ein iskald junidag på Klovset i Valldal. Foto: Audun Skjervøy

Ungar og ungdommar i distriktet vårt har nyleg vore på korpsseminar med The Brazz Brothers. Eit seminar med sprudlande musikalske kapasitetar som brassbrørne er ei kjærkommen avveksling og ei solid innsprøyting av inspirasjon for ungar som elles er opptekne av å øve inn songar til julekonsertane på denne tida av året. Kanskje kan det også få dei til å henge med i den musikalske verda lenger – ja, heilt inn i vaksenlivet.

Brassbrørne har sjølve bakgrunn frå korpsrøsla. Og dei to yngste medlemmene i The Brazz Brothers – Kåre Nymark jr. og Kenneth Ekornes – har ein gong vore med på korpsseminar med brørne Jan Magne og Helge Førde og Runar og Stein Erik Tafjord. Dei seks musikarane er framifrå eksempel på den rike grøda som musikklivet i Noreg har kunna hauste frå korpsrørsla vår.

Den krigerske historia til musikkorpsa er nok kjend for dei fleste. Med basunar og lurar har hærar opp gjennom hundreåra varsla ufred, og til rytmen av tamburane og lyden av dei skarpe horna har dei marsjert til strid. Den gongen spelte musikarane for livet – da kunne vi verkeleg snakke om «ompa til du dør».

Det var også dei militære korpsa som var modellen da William Farre i 1901 etablerte Møllergata skoles musikkorps, som vart forgjengaren til den breie kulturrørsla skulemusikkorpsa utgjer i dag.

Den entusiastiske gjengen som var på kurs i Valldal, er ein del av ei svær, men dessverre altfor ofte nedvurdert, rørsle her til lands. 60.000 medlemmer fordelte på 1630 korps er med i Norges Musikkorps Forbund. Det gjer organisasjonen til den største kulturorganisasjonen for barn og unge.

2018 er også offisielt Musikkorpsåret, og medlemsorganisasjonen feirar hundre år i år. Det lokale korpset vårt, Valldal skulekorps, har vore med i femti av dei – som ein viktig del av det lokale kulturlivet. Mange stader i landet er korpsa det einaste høvet unge har til å spele musikk saman.

Annonse

Vi som har følgt kulturlivet både som deltakarar og observatørar eit par-tre tiår og vel så det, minnest framleis den hånlege mottakinga Dan Børge Akerø fekk med programmet «Resonans», som vart sendt i NRK nokre omgangar i 1990-åra. I programmet konkurrerte dei ypparste brass- og janitsjarorkestera vi hadde i landet på den tida.

Kanskje har den verste hånen lagt seg, kanskje har det sige inn over dei mest standhaftige kultursnobbane at mykje av det musikklivet og kulturlivet dei set høgt, ikkje ville ha funnest utan den breie og livskraftige korpsrørsla rundt om i landet. Det har nok også vore med på å auke statusen at norske korps har markert seg sterkt internasjonalt.

– Det er de som er lyden av Noreg, sa kulturminister Trine Skei Grande da ho opna det største korpsstemnet i Noreg på Tusenfryd i september i år.

Dersom vi trekkjer frå lyden av vind og vatn, er det vel vanskeleg å treffe nærare blinken. Men viss vi prøver å gå djupare inn i kulturpolitikken for å finne ut kva kulturministeren og departementet hennar meiner om korpsrørsla, ved å lese den ferske kulturmeldinga, er vindsusen veik og vassinnhaldet stort.

Rett skal vere rett. Kulturmeldinga er eit snodig dokument fullt av fromme kulturønske og gode kulturmål. Ho er uforpliktande formulert på eit stivt og ufolkeleg nynorsk, ho er lite konkret, men har nok god vilje – og det er slett ikkje berre musikkorpskulturen som lir under denne skjebnen i Kulturmeldinga.

Men eg hjelper gjerne kulturministeren i klarspråk: Korpsrørsla etterlyser ein meir føreseieleg økonomi. Ho treng pengar og ønskjer pengar – meir enn det ho får gjennom dei magre støtteordningane som er der no.

Vi kan skrive under, vi som har bidratt med ei lita handfull korpsmusikantar gjennom eit par tiår. Han er ikkje liten, den frivillige innsatsen som blir lagd ned i korpsa for å finansiere drifta, betale honorara til dirigentane, kjøpe og vedlikehalde instrumenta og uniformene, få musikantane ut på turar og inn i konsertsalar – og ikkje minst for å kunne drive god musikkopplæring overfor mange titals tusen medlemmer.

Alternativet er eit mykje fattigare Kultur-Noreg, ei mykje dårlegare rekruttering til alle dei sjangrane og musikkscenene som gir oss eit rikt «vakse» kulturliv. Men det største tapet vil råke alle dei som ikkje får kjenne på gleda ved å skape musikk saman med andre.

Audun Skjervøy skriv fast for Nationens debattarena Motkultur.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skulevalet på Lillestrøm