Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nynorsken står ikkje med ein fot i grava

Svar til Bjarte Rundereim

Ser nynorskbrukarane mykje nynorsk rundt seg, er sjansane større for at dei held på nynorsk. Foto: Ketil Blom Haugstulen

I eit lesarbrev i Nationen 6. august meiner Bjarte Rundereim det er for seint å gjere noko med stoda til nynorsken, det er nærast berre å pakke snippøskja og setje seg på bokmålsflyet. Noregs Mållag er usamd.

At nynorsken står med ein fot i grava, har nynorskmotstandarane hevda i over 100 år. Men nynorsken er eit språk som, samanlikna med andre mindre brukte språk i verda, står sterkt. I kjerneområda styrkjer nynorsken seg, men i randsonene er språket under press og språkskifte skjer. Likevel var det til dømes i Rogaland 206 fleire nynorskelevar i grunnskulen i skuleåret 2018–19 enn det var i året før. Samanlikna med andre mindre brukte språk i Europa er stoda for nynorsken oppsiktsvekkjande stabil.

Annonse

I Rogaland gjekk nynorskprosenten litt opp det siste året. Rundereim peikar på at nynorskprosenten på landsbasis går ned og har gjort det lenge. Det har han rett i, men prosenten går fyrst og fremst ned fordi det flyttar fleire folk til dei sentrale bokmålsbyane enn det gjer til dei nynorske bygdene.

At talet på nynorskelevar i grunnskulen er relativt stabilt, er ikkje kreativ bruk av statistikk, slik Rundereim skriv, men tørre fakta. Årsaka til at det har forsvunne 1000 nynorskelevar frå Sogn og Fjordane på 10 år, er ikkje stor overgang til bokmål, men nedgang i elevtal. Det same er stoda i Oppland.

Kva slags makt Rundereim vil ha mindre av og kva slags regulering han vil ha, er heller vagt. Men han vil ha mindre nynorsk. Når vi skal sjå oss rundt etter årsakene til språkskifte i overgangen til vidaregåande, så treng vi ikkje spekulere, slik Rundereim gjer. Dette er det forska nok på til at vi til dømes veit at ei av hovudårsakene til språkskifte er fråveret av nynorsk rundt ein.

Ser nynorskbrukarane mykje nynorsk rundt seg, er sjansane større for at dei held på nynorsk. Dette er ikkje unikt for nynorsken, men ein samnemnar for mekanismane som styrer tilhøvet mellom store og mindre brukte språk i heile Europa.

Ein språkpolitikk som aktivt vil halde oppe eit mindre brukt språk, må legge til rette for meir bruk og at styresmaktene tek det ansvaret. Det må dei i Noreg, i Wales og Katalonia. Noregs Mållag vil ha ei rettvis språklov, som skal rette opp ulikskapen mellom språka.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK