Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nynorsk som sidemål må styrkjast

Det heng ikkje på greip å vere positiv til nynorsk og kalle nynorskopplæring for «ødeleggende sidemålsstrev».

Både Stortinget og den noverande regjeringa har vore tydelege på at nynorsken i skulen skal styrkjast. Foto: Johanne Landsverk / NPK / NTB scanpix

Norsklærar Merete Henden Kronholm ved ein vidaregåande skule i Østfold går i eit innlegg hjå Riksmålsforbundet og i Dagsnytt 18 4. juli knallhardt ut mot sidemålsundervisninga. Ho seier elevane hennar får dårleg læringsutbytte i sidemålet nynorsk og meiner dei blir haldne som gislar (!) i klasserommet. Nynorsk høyrer heime i litteraturundervisninga, meiner Henden.

Dette er påstandar vi i Noregs Mållag høyrer frå tid til anna. Nynorsk er så fint og flott, men det bør berre ikkje undervisast i som sidemål. Påstandane avslører diverre grunnleggjande mangel på kunnskap om kvifor elevane eigentleg får sidemålsundervisning, og kor viktig sidemålsundervisninga er og har vore for jamstillinga mellom dei to norske skriftspråka.

Hovudpoenget med sidemålsundervisninga er at alle elevar skal kunne bruke både bokmål og nynorsk i arbeidslivet. Ein av Hendens elevar skal plutseleg undervise fyrsteklassingar på Stord i nynorsk som hovudmål, og då hjelper det lite med litteraturundervisning. Då skal nynorsken frå skulen sitje, for det finst ikkje eit tryggleiksnett rundt i norske kommunar og føretak som lærer deg nynorsk når du plutseleg treng det for å jobbe hjå dei.

Annonse

Både Stortinget og den noverande regjeringa har vore tydelege på at nynorsken i skulen skal styrkjast. Dei fleste norsklærarar gjer kvar dag ein viktig innsats for å lære norske elevar dei to skriftspråka våre.

Noregs Mållag er ein sterk tilhengjar av nasjonale tiltak som kan styrkje undervisninga, og som er utprøvde og har vist seg å fungere. Slike tiltak er mellom anna tidleg start med sidemål og undervisning på nynorsk i andre fag enn norsk.

Når Merete Henden Kronholm går ut på Dagsnytt 18 og kallar undervisninga i nynorsk for «ødeleggende sidemålsstrev», er det kanskje ikkje så rart at læringsutbyttet til elevane hennar blir deretter? Vi skuldar vel ikkje på franskundervisninga som institusjon om elevane blir dårlege i fransk?

Kronholm seier ho synest det er flott at dei som har nynorsk som hovudmål, held fram med å skrive det. Då er det kanskje verdt å reflektere over at ein god del av desse har lært hovudmålet sitt av lærarar som har hatt det som sidemål.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skulevalet på Lillestrøm