Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny tidsrekning for jordbruket?

Alle vil tene på at legitimiteten til norsk landbruk blir styrkt.

Krav: Lars Petter Bartnes (Noregs Bondelag) og Kjersti Hoff (Norsk Bonde- og Småbrukarlag) legg fram bøndene sitt krav i jordbruksforhandlingane. Foto: Siri Juell Rasmussen
Krav: Lars Petter Bartnes (Noregs Bondelag) og Kjersti Hoff (Norsk Bonde- og Småbrukarlag) legg fram bøndene sitt krav i jordbruksforhandlingane. Foto: Siri Juell Rasmussen

Kato Nykvist har ein interessant kronikk i Nationen 2. januar, der han peikar på konsekvensane av taktskiftet i jordbrukspolitikken etter at Listhaug fekk handa på rattet i 2014.

Les kommentaren av Kato Nykvist her:

Analysen er på mange måtar rett, men han nemner ikkje at Norges Bondelag (NB) har godkjent denne retninga ved å signere jordbruksavtaler som førte denne politikken vidare. Faglaga sto saman om brot i 2014, og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vona at semja ville halde fram, nettopp for å unngå slike konsekvensar som Nykvist skildrar.

Delar av norsk landbruk har tent på denne utviklinga – dei som så langt har blitt tilstrekkeleg store. I neste omgang vil mange av dei vera for små. Resultatet av denne politikken er ikkje eit meir berekraftig landbruk, vi har ikkje fått mindre utslepp eller avrenning, vi har ikkje styrkt beredskapen og vi har ikkje greidd å hindre attgroing av kulturlandskapet. Legitimiteten til norsk landbruk er, som Nykvist peikar på, svekka.

Annonse

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) har i alle jordbrukstingingane seinare m.a. kravd å få tilbake tak på tilskot, betre struktur på tilskota og meir lønnsemd i å bruke grovfôr og utmarksbeite.

Det har vore eit mål å hindre auka gjeld i næringa og den systemtvangen som no pregar landbrukspolitikken. Dette burde ha vore stoppa ved fyrste høvet: tingingane i 2015. Men da sto ikkje jordbruket saman opp mot regjeringa, NBS braut og NB signerte. Dei raudgrøne partia på Stortinget har skjøna problemet, men Nykvist tykkjer ikkje verkemidla dei legg fram er tenlege.

Steinar Reiten frå KrF meiner at ei slik omfordeling vil redusere mjølkebøndenes inntekter. Det er ikkje tufta på ei grundig analyse. Viss det blir meir lønsamt å nytte eigne ressursar, vil dei som greier det, tene betre enn dei som vil halde fram med høgintensiv drift basert på importert proteinråstoff. Dette er omfordeling med ønskt resultat.

Somme mjølkebønder kjem til å tene noko mindre, somme kan tene meir. Men alle vil tene på å redusere produksjonspresset slik at vi kjem i balanse med marknaden utan å legge ned mange bruk.

Alle vil tene på at legitimiteten til norsk landbruk blir styrkt, særleg dei største bruka som får desidert størst overføring! Og norsk landbruk er mykje meir enn mjølkeproduksjon, t.d. er tilhøvet mellom drøvtyggarar og kraftfôrbasert kjøtproduksjon viktig.

Då treng vi ein politikk som dei raudgrøne partia har synt vilje til: «For å auke norsk sjølvforsyning må det vera lønsemd i å produsere med yting som er tilpassa norske naturressursar og areal, og ein må unngå ubalanse».

Eg vonar at Norges Bondelag ved fyrste krossveg, det vil seia jordbruksoppgjeret i 2020, vil vera med på eit felleskrav som kan føre fram til auka sjølvforsyning og eit meir berekraftig landbruk i Norge. Ver open om primærkravet slik at det blir tydeleg korleis ein ynskjer å nå måla!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

70 prosent av kornavlingane ikkje hausta i Trøndelag