Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny læreplan kan auke språkskiftet

Noregs Mållag trur effekten av framlegget til ny læreplan i norsk vil vere auka språkskifte frå nynorsk til bokmål i den vidaregåande skulen.

Kultur og språkfaget norsk skal hegne om nynorskelevane og gjere dei til stolte og gode språkbrukarar, skriv leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Kultur og språkfaget norsk skal hegne om nynorskelevane og gjere dei til stolte og gode språkbrukarar, skriv leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Ketil Blom Haugstulen

I framlegget til ny læreplan i norsk er det eksplisitt formulert at ein kan vente at elevane er betre i hovudmålet enn i sidemålet. Dette opnar for eit stort taktisk språkskifte der nynorskelevar byter hovudmål for å få større utteljing for nynorskkompetansen sin om han vert testa som sidemål. Dette vil vere svært uheldig for framtida til nynorsken.

Taktisk skifte frå nynorsk til bokmål er allereie eit kjent problem på mange skular i dei nynorske randsonene. No som denne skeivvurderinga av kompetansen blir skriftfest så klårt, er me redd språkskifte vil eskalere. Med den nye formuleringa gir norskfaget dei eit insentiv for å byte hovudmål. Kultur og språkfaget norsk skal hegne om nynorskelevane og gjere dei til stolte og gode språkbrukarar, den nye formuleringa undergrev det målet med faget.

Annonse

Den nye læreplanen går inn for å slå saman dei skriftlege halvårskarakterane i hovudmål og sidemål. Forsøk med ei slik ordning har synt at det kan føre til seinare start med sidemål og mindre fokus på sidemålsopplæring. I framlegget står det at halvårsvurderinga skal gi kunnskapar i hovudmål og sidemål seinast frå 9. trinn. Det bryt med all pedagogisk erfaring om at sidemålsundervisninga og -vurderinga må byrje tidleg.

Læreplanen seier ingen ting om vektinga mellom hovudmål og sidemål for den samla halvårskarakteren. Læreplanen krev heller ikkje at elevane skal skrive like mange oppgåver på sidemål som på hovudmål. Dermed er det inga sikring mot at lærarar til og med 9. klasse kan fare over sidemålsundervisninga med harelabb og berre gi elevane eit minimum av skriftlege oppgåver på sidemål.

I den noverande ordninga med eigen halvårskarakter i hovudmål og sidemål er dei to skriftspråka likeverdige. Om det blir samla karakter, må også den nye læreplanen slå fast at resultata i hovudmål og sidemål skal telje likt i «samandraget».

Dessutan må læreplanen slå fast at elevane skal vurderast i sidemål frå 8. trinn.

Det ein ny læreplan må ta høgd for, er at elevar med nynorsk som hovudmål er mindre eksponerte for språket sitt enn elevar med bokmål som hovudmål. Dette gjer opplæringa i hovudmålet nynorsk annleis enn opplæringa i hovudmålet bokmål. Skulen har eit spesielt ansvar for å gi elevane som har nynorsk som hovudmål, ein språkleg tryggleik. Denne ulikskapen må komme tydeleg fram i læreplanverket.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det er nå du trenger avisen din – og den trenger deg