Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura si nådelause tordentale

«Nådeløst fra Nortura». Ja, slik var overskrifta i Nationen 10. mai.

Direktør Kjell S. Rakkenes fra Nortura. Foto: Siri Juell Rasmussen

Saka galdt høyringa i Næringskomiteen i Stortinget om regjeringa sitt forslag til korleis dei vil avvikla pelsdyrnæringa.

Ein av direktørane i Nortura, Kjell S. Rakkenes, var i avisa sitert på følgjande:

"Fordi man i denne saken ser bort fra faglige argumenter og begrunnelser, og baserer seg på populære oppfatninger av dyrevelferd, er Nortura svært bekymret for presedensvirkningene. Vi ser en bekymringsfull utvikling i samfunnet hvor politikerne og myndighetene er i ferd med å miste myndighet, styrings- og definisjonskontroll i dyrevelferdsspørsmål."

Direktøren seier også at:

Annonse

"At vi nå er i en situasjon hvor uformell maktutøvelse ser ut til å overta for regelstyrt og forutsigbar utvikling av dyrevelferden i norsk landbruk, bekymrer Nortura. Nortura mener at dette vil legge grunnlaget for lignende kampanjer og påfølgende prosesser, også mot de matproduserende bøndene".

Ja, slik kan ein av våre fremste tilsette i landbruket i klartekst «setja skapet på plass»! Slik tale og kunnskap frå min eigen interesseorganisasjon gjer meg stolt og glad.

Men - for det er eit stort men:

Kvar var Nortura når dei same ufaglege populistrøystene greidde tvinga storparten av ei heil eggnæring, til å skifta ut førsteklasses og dyrevernmessig anbefalte innreiingar for mange hundre millionar kroner? Kvar vart den nådelause talen av då? Og – kor lenge skal Nortura venta med å visa og tala desse bøndene si sak, slik at forbrukarane får lov til å velja pakningstype/kvalitet sjølv?

I mange år har me prøvd få støtte og svar. Men – diverre har det vore øyredøyvande stille frå Nortura. Det skuffar meg stort. Det gjer òg diverre at «den nådelause tordentalen» verkar noko hòl – og ikkje når heilt fram til hjarta!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det er gull i grønne skoger!