Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura, rammevilkår og distriktspolitikk

At Nortura sitt anlegg på Otta er truga av nedlegging, kom som lyn frå klar himmel på dei fleste.

Føreslått nedlagt: Nortura sitt slakteri på Otta i Gudbrandsdalen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det er forståeleg at eigarane, gardbrukarane vart overraska. Nortura Otta er eit veldrive anlegg med god økonomi, lågt sjukefråvær og god oppslutning mellom eigarar og leverandørar. Det er tryggheit i å levere Nortura, dyktige og lokalkjente transportørar legg opp effektive og gode ruter der dyrevelferda er i høgsete.

Når dei store politiske partia blir overraska er det grunn til undring. Vi kjenner alle det som har vore utviklinga i politikken i landbruks- og matvareindustrien. I denne saka det stille frå høgresida i politikken.

Billig mat har vore hovudmålsetting, kjedene har kunna ta den makta dei ville og makthavande politikarar har lenge late att auga for dei konsekvensar dette har, eller så kjenner dei ikkje historia godt nok.

Når samvirkebedriftene slit i motvind ser vi fort at pressa og politikarar bles opp om topptunge organisasjonar, kostbar drift og manglande kunnskap. Lat oss ikkje ramle i den fella.

Samvirkeorganisasjonane var gardbrukarane si løysing på 1930-talet sine oppkjøparar. Oppkjøparane hadde all makt og sette prisen sjølve. For å demme opp for dette samla bøndene seg og bygde sine eigne foredlingsbedrifter, meieri og slakteri slik at dei fekk større innflytelse over prissetting og fordeling av overskot.

Slik bygde bøndene opp eit fellesskap, til glede og økonomisk fordel for seg sjølve, og for bygdene dei budde og dreiv i. Landbrukssamvirket sikrar at mjølka blir henta på garden lengst inni grenda eller sauen frå ei øy i utmed havet. Fellesskapet bøndene imellom sikrar drift i nesten heile landet. Det har ein pris for samvirket å ha henteplikt. Den prisen sikrar oss forbrukarar levande kulturlandskap og trygg kvalitetsmat.

Annonse

I vår tid har matvarekjedene teke over makta som oppkjøparane hadde på 1930-talet. Kjedene bestemmer kva varer dei skal ta inn og til kva pris dei skal betale. Kjedene vil helst ha eigne produkt til spottpris. Ein enkelt bonde vil væra makteslaus i eit slikt spel.

Politikarane seier bitte litt gjennom jordbruksoppgjeret, men dette vatnar dei stille ut år for år. Landbrukssamvirket har vore utsett for stort press om effektivisering gjennom dei siste åra der fri konkurranse saman med dei såkalla marknadskreftene har vore bortimot religion for enkelte politiske parti.

Det er skremmande at stortingspolitikarar ikkje ser at det i Norge i dag i er att tre matvarekjeder som bestemmer det meste. Politisk er det ikkje vilje til å sjå at konkurransen i matvaremarknaden i realiteten er bort. Signala frå Coop og Rema 1000 om at Norgesgruppen tek overskotet, er så høglydt at det burde høyrast inne på Stortinget. Men kapitalkreftene har vel større innflytelse gjennom sine avtaler med First House? Kvifor er det ikkje like viktig med konkurranse i matvarebransjen som i foredlingsindustrien?

Nortura sine utfordringar nå er ikkje landbrukssamvirket sine utfordringar aleine. Forslaget om å legge ned Nortura Otta er ikkje eit resultat av dårleg drift i Nortura. Det er eit sterkt og synleg symptom på at norske politikarar på Stortinget har spelt fallitt i sin matvare- og landbrukspolitikk.

Norge er eit langstrakt land med topografi og demografi som gjer at vi ikkje kan konkurrere på pris med landbruket i EU. Men vi har god dyrehelse og trygge matvareprodukt fordi vi har hatt beviste bønder som med sin småskala produksjon har halde på stoltheita og kjærleiken både til dyra og jorda. Og fordi vi har hatt eit strengt grensevern. Alt dette står under press.

Heile region kring Nortura Otta står skulder ved skulder for å ta vare på dei gode kvalitetane ved Nortura Otta. Men la oss ikkje ta kampen berre mot Nortura. La oss reise oss til kamp mot stortingspolitikarar. Det må kome på plass rammevilkår og regelverk som sikrar at landbrukssamvirket og norske bønder kan vareta god dyrevelferd og produsere trygg mat til norske forbrukarar også i framtida.

Samtidig som vi tek vare på kulturlandskap, miljøet, dyrehelse og dyrevelferd. Foredlingsbedriftene skal ligge nær jordbruket. Distrikts Norge treng arbeidsplassane og det må vi reise oss å kjempe for. Vi oppfordrar alle lokalpolitikarar til å utfordre sine kontaktar. Vi treng ikkje fleire stortingsmeldingar på hundrevis sider med store ord. Vi treng praktiske tiltak som varetek levande bygder. Aktive, levande bygder er til stor fordel for byane, og.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ut av Acer