Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NorthConnect aukar utsleppet av klimagassar

NorthConnect er ei klimaversting som ikkje bør bli bygd

Straum: Å leggje kabel til Skottland for å eksportere straum vil ikkje redusere klimagassutsleppa, skriv innsendarane. Foto: Siri Juell Rasmussen
Straum: Å leggje kabel til Skottland for å eksportere straum vil ikkje redusere klimagassutsleppa, skriv innsendarane. Foto: Siri Juell Rasmussen

Marknadsdirektør Toini Løvseth i Energi Norge hevdar at Skottlandskabelen NorthConnect bør bli bygd, fordi den vil redusere utsleppet av klimagassar med to millionar tonn CO2 pr. år.

Det Løvseth ikkje skriv, er at NVE har rekna ut at kabelen samtidig vil føre til ca. 7,9 TWh mindre kraft netto eksportert til andre land enn Storbritannia i 2025. NVE har tidlegare hevda at eksportert kraft til Kontinentet vil føre til ca. 0,5 kg mindre CO2-utslepp pr. kWh, fordi den erstattar kraft produsert på fossilt råstoff.

Annonse

7,9 TWh kraft til Kontinentet kunne dermed ha redusert utsleppet på Kontinentet med 4 millionar tonn CO2. Med andre ord vil kabelen til Skottland føre til 4–2 = 2 millionar tonn auka utslepp av CO2/år, ikkje 2 millionar tonn redusert utslepp, slik Energi Norge hevdar.

Det grunn til å vera skeptisk, både til påstanden om 2 millionar tonn redusert utslepp i Storbritannia og til 0,5 kg CO2/kWh redusert utslepp ved eksport til Kontinentet, då EUs kvotesystem kan føre til at frigjort CO2-utslepp ein stad, blir brukt til å auke utsleppet andre stadar. Men Skottlandskabelen vil uansett føre til auke i utsleppet av klimagass, fordi den i realiteten flyttar kraft frå eit område med høg andel CO2-utslepp i elektrisitet (Kontinentet) til eit område med lågare andel (Storbritannia).

Kabelen fører også til høgare elpris, opp mot 3,4 øre/ kWh ifølgje NVE, medrekna nettleige. Denne og andre kablar, som fører til auka elpris, aukar risikoen for utflagging av metallproduksjon o.a. frå Noreg til andre land.

Å flytte produksjon av silisium etc. til Kina, vil føre til enorm auke i utsleppet av klimagass internasjonalt, då utsleppa i Noreg er ein brøkdel av det internasjonale gjennomsnittet. I tillegg vil slik utflagging av industri vera katastrofal for mange lokalsamfunn og Noreg totalt sett. Auka elpris fører også til større press for å byggje ned norske naturområde med vindkraft.

Alt i alt, Skottlandskabelen NorthConnect er ei klimaversting som ikkje bør bli bygd.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

EUs fjerde jernbanepakke er bra for norsk jernbane