Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norske bønder treng konkurranse i meierimarknaden

Det er all grunn til å vera uroleg for reduksjonen i mjølkeforbruket, men å kutta i konkurranseverkemidla er ikkje løysinga.

Mjølkemarknaden er sterkt regulert ut frå ulike samfunnsomsyn, men det er framleis ein marknad, skriv Aksel Mjøs. Foto: Tore Myrstad / Q-Meieriene
Mjølkemarknaden er sterkt regulert ut frå ulike samfunnsomsyn, men det er framleis ein marknad, skriv Aksel Mjøs. Foto: Tore Myrstad / Q-Meieriene

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, omtalar i Nationen 17.3.20, konkurrentane til Tine og Nortura som «sutrete». Dette kjem etter at også Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag i brev til Landbruks- og matdepartementet har bede om at konkurransepolitiske verkemiddel i mjølkemarknaden, finansiert over prisutjamningsordninga, vert reduserte.

Les innlegget til Felde her:

Det er all grunn til å vera uroleg for reduksjonen i mjølkeforbruket, men å kutta i konkurranseverkemidla er ikkje løysinga, og det må vera råd å tenkja prinsipielt her.

Mjølkemarknaden er sterkt regulert ut frå ulike samfunnsomsyn, men det er framleis ein marknad. Alle marknader fungerer betre med konkurranse som gjer aktørane effektive og innovative, slik at kundane får både betre og billegare tilbod. I mjølkemarknaden treng vi innovasjon av nye produkt som forbrukar verdset, og difor vil betala for. Det er den einaste måten å sikra verdiskapinga på, generelle prisreduksjonar kan aldri gi dette. I Q-Meieriene sitt innovasjonsarbeid så importerer vi nokre nye produkt, fram til vi ser at det er grunnlag for å investera i eigen produksjon. No investerer vi over 700 millionar kroner i nytt meieri på Jæren, då får vi kapasitet til å både innovera og produsera meir med norsk mjølk på norsk jord.

Dei konkurransepolitiske verkemidlane i mjølkemarknaden er mellom anna der for balansera dominansen til Tine, og la delmarknadane i verdikjeda fungera betre. Ein del av dette er kapitalgodgjerdsla. Tine låser inne sine mjølkebønder som eigarar. Om dei vel å levera til andre meieri, så vert dei fråtekne verdien av sin del av selskapet. Det er vanskeleg å skjøna kvifor bondelaga ikkje krev at Tine opptrer ryddigare her, men derimot ser ut til å støtta denne dominerande framferda. Dersom Tine til dømes hadde vore aksjeselskap, kunne bøndene ha seld sin eigarandel om dei ville.

Annonse

Tine har 10.000 eigarar, så ingen er så store at dei verkeleg tek ansvar og legg press på betre drift i selskapet.

Aksel Mjøs

Alternativt kunne dei halde fram med å få utbytte som før, sjølv om dei leverer mjølk til andre. Då hadde grunnlaget for kapitalgodtgjerdsla til Q-Meieriene, som er det største beløpet i verkemidla, falle bort. Godtgjerdsla er der berre fordi at ingen bønder kan, eller vil, levera til andre meieri om dei taper heile si eigaravkastning (omtrent lik Tine si etterbetaling). Samanhengen er at Q-Meieriene får denne kapitalgodtgjerdsla slik at vi kan kompensera våre mjølkeleverandørar for tapt eigarforteneste frå Tine.

Når det gjeld å henta mjølk frå alle gardar i Noreg, så er ein del av biletet at Tine årleg får 457 millionar kroner i såkalla innfraktstøtte, Q-Meieriene hentar sjølv mjølk frå både små og store gardar, og endåtil frå setrar om sommaren. Q hentar mjølk 365 dager i året, og Tine har ikkje mottaksplikt overfor Q.

Bøndene si støtte til selskapet Tine er og til forveksling lik dårleg eigarstyring. Tine har 10.000 eigarar, så ingen er så store at dei verkeleg tek ansvar og legg press på betre drift i selskapet. Slike selskap, det kjenner ein frå mange marknadar, vert fort administrasjonsstyrte og slepp unna eigarpresset.

I Tine sitt tilfelle, som dominant i sin marknad, slepp selskapet og unna det meste av presset frå kundar og konkurrentar. Det er vanskeleg å analysera effektivitetsutviklinga i Tine, men to nøkkeltal kan vera interessante. Dei siste 20 åra har årleg mjølkemengde kvar Tine-tilsett har handtert, falle frå 333.000 liter til 258.000 liter, og sidan ny marknadsordning kom på plass i 2007, har Tine kvart år investert halvannan gong så mykje som Q-Meieriene, målt i høve til omsetninga. Dette er ikkje tillitsvekkande, og det siste Tine, og deira bønder, treng, er ein ukritisk fanklubb.

Stortinget har for lenge sidan slått fast at konkurranse er viktig og nyttig også i mjølkemarknaden. Tine kontrollerer framleis 94,5 prosent av mjølka i primærleddet og har dominerande posisjonar med mellom 70-100 prosent marknadsandel i alle merierikategoriar i forbrukarmarknaden. I ei verd utan marknadsordning og «normalt» skilje mellom leverandørkontraktar og eigarandelar, så kunne dette ha løyst seg sjølv. Sidan mjølkemarknaden er en viktig del av den tungt regulerte landbrukspolitikken, må ein akseptera konkurransepolitiske verkemidlar for å kompensera andre strukturar og reguleringar. Det er uansett ikkje noko betre løysing at norske forbrukarar skal måtta ta dette over skattesetelen.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fjøskrakken var innsatsfaktor