Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk landbruk – no eller aldri

Inntektene i jordbruket har i lang tid sakka akterut samanlikna med andre grupper i samfunnet. Dei ligg no på eit nivå som ikkje er berekraftig, ikkje for den einskilde bonde eller for samfunnet. Dette kan ikkje halde fram.

Dugnad: Det som verkeleg uroar meg som bonde og leiar av Vestfold og Telemark Bondelag er at fleire og fleire av mine kollegaer oppfattar yrket som ein dugnad for samfunnet, og ikkje ei næring med anstendige inntektshøve, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Dugnad: Det som verkeleg uroar meg som bonde og leiar av Vestfold og Telemark Bondelag er at fleire og fleire av mine kollegaer oppfattar yrket som ein dugnad for samfunnet, og ikkje ei næring med anstendige inntektshøve, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

Vi er komne til eit punkt der ei heil næring er i ferd med å miste trua på framtida. Difor hastar det!

Oppgåve nr. 1 til det norske landbruket er å produsere mat til eige folk ut i frå naturgjevne tilhøve i Noreg. Det er eit heilt klart krav at maten norske bønder produserer, må være trygg å ete. Maten vi produserer må også bidra til eit variert og sunt kosthald. Norske bønder leverer på det oppdraget.

Min påstand er at norske bønder trivst med å produsere mat, og at dei meiner arbeidet dei gjer er meiningsfylt. Det som verkeleg uroar meg som bonde og leiar av Vestfold og Telemark Bondelag er at fleire og fleire av mine kollegaer oppfattar yrket som ein dugnad for samfunnet, og ikkje ei næring med anstendige inntektshøve. Mange bønder har, etter oppfordring frå mellom anna sentrale myndigheiter, satsa tungt på utbygging av eige gardsbruk.

Konkret har det gjeve utslag i monaleg større produksjon og monaleg meir gjeld. Stadig fleir fortel om anstrengt økonomi og aukande uro for framtida. Felles for dei fleste er at dei er dyktige og drivande bønder på eit høgt fagleg nivå. Nokon vil meine at eg svartmålar, men eg meiner dette er ei nøktern framstilling av verkelegheita.

Norsk matproduksjon er basert på eit mangfald av gardsbruk over heile landet. Det er viktig for norsk sjølvforsyning, noko som viste seg i 2018 då store delar av Sør-Norge vart råka av ekstrem tørke. I andre delar av landet var derimot produksjonstilhøva normale. Dette var med på å sikre stabile matforsyningar.

Annonse

Eg oppfattar at det er langt på veg tverrpolitisk ynskje i Noreg om at landets sjølvforsyning av matvarer skal styrkast. Ei viktig føresetnad for ei slik styrking, er framleis å ha eit finmaska nett av små, mellomstore, men og store bruk.

For å vidareføre ein slik bruksstruktur er det naudsynt med ei kraftig styrking av bondens høve til inntektsutvikling. Gjennom det ei samla landbruksnæring kallar for «landbruksløftet (37 organisasjonar og bedrifter i landbruket)», ber næringa politikarane i neste stortingsperiode forplikte seg til å gje jordbruket høve til ei inntekt på nivå med andre grupper i samfunnet.

Dette må skje gjennom jordbruksoppgjeret ved at jordbruket sikrast ei årleg kronemessig utvikling som ligg monaleg høgare en lønnsutviklinga elles i samfunnet. Dagens etterslep må takast att!

Høve til inntekt på nivå med andre grupper i samfunnet er heilt naudsynt for at dei som er bønder i dag framleis skal velje å vere det. Det er og heilt naudsynt for å sikre rekruttering til landbruket og matproduksjon.

Det er svært få som vil velje eit yrke og ei næring der sjansen for å ende opp som minstepensjonist er høgst reell. Til sjuande og sist handlar høve til inntekt i jordbruket om korleis Noreg skal ha den beredskapen som ligg i ein variert matproduksjon på eit mangfald av gardsbruk over heile landet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ønskeliste til en ny regjering