Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til sal av Noreg

Regjeringa har sagt ja til EUs tredje energipakke, noko mange meiner vil føra til fleire utanlandskablar og dyrare straum. Vidare er EUs fjerde jernbanepakke på trappene.

Nei til Acer: Demonstrasjon utanfor Stortinget i mars 2018.Foto: Benjamin Hernes Vogl

Dette føyer seg inn i rekkene av saker der regjeringa og Noreg gjev frå seg råderett og suverenitet til EU over ressursar og verksemder.

Eg vil sjå litt nærare på Acer og energistoda. Energiselskapa vil tena pengar, og med den avtalen vil ennå meir straum gå sørover, noko som vil medføre høgare straumpris i Noreg. Me har likevel eit anna klima i Noreg enn dei fleste landa i Europa, noko som tilseier at me bør ha rimeleg straumpris til vanleg hushald og industri.

Auka straumpris, og ikkje minst nettleiga, skuldast i stor grad utbygging av hyttefelt og fritidsaktivitetar. Dette skjer over heile landet, og mesteparten i utkantane, noko som medfører store kostnadar til opprusting og bygging av nye kraftliner.

For å retta på dette har eg fylgjande forslag:

1. Alle hushald bør t.d. ha 20.000 kWh til ein rimeleg pris, og bruk/overforbruk utover dette vesentleg dyrare.

Annonse

2. Nettleiga bør vera lik over heile landet. Det er heilt urimeleg at distrikts-Noreg skal ha dyrare nettleige enn byar og tettbygde strøk.

3. Hytter og fritidsaktivitetar bør betala ein langt høgare straumpris. Her er det mykje luksusforbruk.

I dataalderen, og med gode styringssystem, burde dette lata seg gjennomføra. Til slutt vil eg senda ei helsing til regjeringa med eit lite dikt av Per Sivle frå 1898.

"Vi har ikke råd til at selge vårt Land- så kom ikke her og gi bud.

Vårt Land er oss selv, og Nidding den Mand, som vil sig til salg stille ud.

Er Manden enn aldring så fattig, – nuvel, han er dog for kostbar til Træl."

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

I lys av murens fall