Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til nye Mogen turisthytte og meir trafikk i villreinområda

Villreinen er under sterkt press på Hardangervidda.

Mogen: Den nye DNT-hytta på Mogen skal den verta «Norges råeste miljøhytte». Foto: Snøhetta/NTB scanpix

I februar i 2018 skreiv fylkesmennene i Oppland og Hedmark brev til miljøvernministeren om den forverra situasjonen for villreinen i Rondane. Innlegga i Nationen nyleg tyder på at folk tek til å innsjå at villreinen er under sterkt press på Hardangervidda og.

Likevel kjem her stadig nye påfunn som vil gjera det endå verre for reinen: No vil Telemark Turistforening bygge ny, større «signalhytte» på Mogen, som i fylgje «https://mogen.dnt.no/nye-mogen/» skal den verta «Norges råeste miljøhytte». Sant nok på fleire vis.

Annonse

Vern av villreinen var hovudgrunnen til skipinga av Hardangervidda Nasjonalpark. Det store vasskraftprosjektet Eidfjord Sør vart skrinlagt fordi utbygginga ville fylle kalvingsområda i Veigdalføret med vatn. Utbygginga ville gjeve samfunnet fleire hundre millionar i årlege inntekter. Veigdalen vart ikkje fylt vatn, men vestvidda vart fylt med fotturistar og reinen drog derifrå til dei folketome områda i Vinje. Trafikkauken er dokumentert: I juli og augst 1972 gjekk der mellom 250 og 400 personar i løypa mellom Hadlaskard og Hårteigen (NOU 1974 30B). I

2016 talde den automatiske teljaren 2713 passeringar på same løypestrekke.

På Oppdal 29-9-2017 presenterte formannen i villreinnemnda for Hardangervidda ein figur som synte kor GPS-merkte simler har stade i juli månad frå og med 2001 til og med 2017. Dyra har halde seg i dei områda som er minst tilrettelagt for ferdsel, medan områda med mykje ferdsel er ute av bruk. Det området dyra har bruka i juli utgjer snautt ein femtepart av heile villreinområdet. Om sommaren har der stade mellom seks- og tolvtusen dyr. Ein særs høg konsentrasjon av dyr som sannsynlegvis er delårsak til den høge førekomsten av ulike snyltarar i kalvane på vidda, som i sin tur er ei viktig delforklaring til at slaktevekta for simlekvalvar har vore 12-14 kg, i snart førti år! Kalv i godt hald skal vega 20 kg eller meir.

Frå Mogen turisthytte gjeng turløyper til hyttene Rauhelleren, Lågaros, Sandhaug, Litlos og Stordalsbu. Hytta på Mogen leiar folk rett inn i dei einaste områda på Hardangervidda nordom Kvennavassdraget som reinen enno brukar midtsommars. Mogen og store delar av DNT sitt nettverk av hytter vart lagt ut før villreinen og leveområda fekk eit sterkt rettsvern gjennom lovane om naturmangfald og dyrevelferd. No ser me skadane av at hytte- og løypenettet vart lagt til hinder for reinstrekk og beiting. Trass i orda om «naturvennlig friluftsliv» i vedtektene har DNT diverre ikkje synte mykje vilje til å rette opp misstaka på Hardangervidda. Årsrapporten for 2015 fortel at inntektene var 95,3 millionar kroner, 35 av desse var frå offentlege tilskot. Andre offentlege gåver kjem i tillegg. Når styresmaktene gjev DNT så mykje pengar er det ikkje urimeleg at ein del av desse vert bruka til å flytte hytter og stiar ut av dei beste beiteområda og vekk frå viktige reinstrekk. Styresmaktene og DNT må no lye til det gode rådet som vart gjeve i førearbeida til nasjonalparken; NOU 1974 30a s 9: «Det (utvalget) mener at rutenettet og hyttekapasiteten bør utvides i utkanten av Vidda, mens en på Sentral-Vidda heller søker en begrensing av trafikken på lang sikt. Å bygge «råe miljøhytter» i villreinområda er ikkje ei internasjonal vinnarsak for nokon.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kommunene bør berømmes for klimavedtak