Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til grønvasking

Det må vera toppen på frimodighet – eller er det eit nytt og betre liv i emning frå Dyrevernalliansen?

Dyrevernalliansen har i årevis vore «verst i klassen», når det gjeld å lura forbrukarane i forhold til dyrevenleg eggproduksjon, skriv Lars Sigmundstad. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Dyrevernalliansen har i årevis vore «verst i klassen», når det gjeld å lura forbrukarane i forhold til dyrevenleg eggproduksjon, skriv Lars Sigmundstad. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Innlegget i Nationen 25.1 «Lei av å bli lurt», skrive av Marianne Kulø, forbausar stort.

Eg tenkjer sjølvsagt på Dyrevernalliansen sin nitide, mangeårige kamp for å få avvikla «miljøegga» til fordel for såkalla «frittgåande».

Langt på veg vann dei denne kampen. Med stor støtte og viktig hjelp frå matkjedene, og deira pengar og dyrevernomsorg.

Korleis kunne dette skje? Totalt på tvers av lovar og reglar. Jo, mykje på grunn av grønvasking, og serleg av Dyrevernalliansen!

Det er mest ikkje ende på korleis grønvasking vart nytta – for å framsnakka egg frå såkalla «frittgåande høns», i forhold til egg frå «miljøinnreiingar». Heilt ukritisk og utan fagleg dekning. Her nokre korte døme:

Annonse

Idylliske bilete: Hønseflokk plassert ute på grønt gras, medan sola skein frå blå himmel.

Fine, talande ord: Som ”frittgåande” for å få folk til å tru at hønene går ute i sola.

Stygge ord: «Buregg», som om høna var innestengd i ei fengselcelle.

Og viktigast, selektiv bruk av fakta: Ulempene ved «frittgåande» produksjon er mykje dårlegare inneklima (støv,amoniakk,koldioksyd m.m.), meir dauding/pikking, meir vaksiner/skadedyr, golvegg med usikker kvalitet, og større fôrforbruk og høgare produksjonskostnad.

Ovannemnde er meir enn nok til å syna poenget mitt: Dyrevernalliansen har i årevis vore «verst i klassen», når det gjeld å lura forbrukarane i forhold til dyrevenleg eggproduksjon! Ja, dei har dessmeir «seld» seg til matvarekjeder!

Likevel skriv Kulø tilslutt i innlegget sitt: «Dyrevernalliansen jobber for å påvirke matbransjen til mer redelig markedsføring».

Dette må då vera toppen på frimodighet! Jo, me er mange som er lei av å bli lurt. Men slik grønvasking som Dyrevernalliansen her prøver seg på i dette innlegget, må dei nok dra lenger ut på landet med, for å bli trudd!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

En matkrise ingen kan løse alene