Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nationens nasjonalisme

Europa, og dermed også Noreg, står i den verste sikkerheitspolitiske krisa sidan andre verdskrig.

Her fra en Ukraina-markering utenfor Stortinget tidligere denne måneden. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Her fra en Ukraina-markering utenfor Stortinget tidligere denne måneden. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Åtte millionar ukrainarar har flykta frå sitt eige land. Halvparten av energiinfrastrukturen i landet er øydelagt. Ti millionar står utan straum, og Russland bombar no målretta ukrainsk energiforsyning for å øydelegge den endå meir før den iskalde ukrainske vinteren set inn.

Bombinga har ført til enorme øydeleggingar over heile landet. FN har til no registrert meir enn 16.000 sivile tap, i tillegg til alle soldatar som har ofra livet. 90 prosent av den ukrainske befolkninga risikerer å leve i fattigdom, og det er uråd å seie kor lang tid det vil ta å byggje opp igjen landet etter krigen.

Nationen avviser likevel i sin leiar 23. november totalt at Noreg skal gjere det så godt som heile Europa elles no har gjort: Å utvide støtta til Ukraina med å gi landet tollfritak for alle varer så lenge krigen pågår. Det er eit ørlite bidrag for eit styrtrikt land.

Annonse

Det er på grensa til uverdig når Nationen til og med presterer å dra inn pelsdyroppdrett i sin argumentasjon for at Noreg skal seie nei til å hjelpe Ukraina med å skaffe landet sårt trengd auka livsgrunnlag for si eiga jordbruksbefolkning.

Venstre er einige i at det aller viktigaste vi gjer er å gje Ukraina våpen, og hjelpe resten av Europa med eksport av energi som kan erstatte russisk gass. Men det går ikkje an at rike Noreg skal seie at det får vere nok – når heile resten av Europa stiller opp meir. Spesielt ettersom vi som energi- og våpenstormakt tener store pengar på energikrisa som kjem av krigen. Vi skuldar Ukraina å gjere det vi kan.

Venstre har fremja forslag på Stortinget om ein langsiktig og forpliktande plan for korleis Noreg skal utvide støtte til Ukraina. Planen må innehalde alle formar for stønad, både militært, økonomisk og politisk. Eitt av våre mange forslag i denne planen, som no ligg til handsaming i Stortinget, er tollfritak på ukrainske varer til Noreg slik Ukraina også ber om.

Som Nationen korrekt påpeiker, medfører dette tollfritaket ein liten pris for landbruket. Men prisen Ukraina – og den ukrainske jorbruksbefolkinga – betaler for krigen er uendeleg mykje større.

EU, Storbritannia og USA har allereie innført tollfritak. Andre EFTA-land ønskjer også tollfritak, og reagerer på at Noreg nøler og trenerer, medan heile resten av Europa handlar. Utanforlandet Noreg kan ikkje også bli eit utanforland i ein elles samla europeisk solidaritet med ein nabo i krig.

Å støtte Ukraina sterkare er også i vår eiga interesse. Ukraina kjempar ein kamp som ikkje berre er på vegner av seg sjølv. Dei forsvarar våre demokratiske rettar og vår fred, slik at vi skal sleppe. Det minste vi kan gjere då, er å stå skulder ved skulder med resten av Europa i å støtte Ukraina – også med eit tidsavgrensa tollfritak.

Neste artikkel

Ukrainske flyktninger får ta med seg illegale kamphunder