Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nationens «jubileumsutgåve»

Nationen kallar seg «Distriktenes næringsavis», og det med rette. Bak denne «klisjeen» gøymer det seg kanskje eit alibi for å nytte nesten heile avisutgåva 19. juni til å handle om Senterpartiet (Sp) i høve partiets 100 årsjubileum.

Knapt noko anna politisk parti har blitt tilgodesett med ei heil avisutgåve på ein av dei runde åremålsdagane sine, skriv Jon Ingebrigtsen om Nationens dekning av Senterpartiets jubileum. Foto: Mariann Tvete
Knapt noko anna politisk parti har blitt tilgodesett med ei heil avisutgåve på ein av dei runde åremålsdagane sine, skriv Jon Ingebrigtsen om Nationens dekning av Senterpartiets jubileum. Foto: Mariann Tvete

Sp kan kallast «Distriktenes næringsparti», og det kan synest som avisa og partiet identifiserer seg med kvarandre både i næringsspørsmål og i samfunnsdebatten elles.

Annonse

Knapt noko anna politisk parti har blitt tilgodesett med ei heil avisutgåve på ein av dei runde åremålsdagane sine, i alle fall så langt eg har registrert. Tek eg feil må Nationen ha meg unnskyldt.

Nationen skal vera partipolitisk nøytral, så langt eg har oppfatta, og skal heller ikkje stille seg bak partipolitiske standpunkt.

I denne avisutgåva balanserer Nationen på ein knivsegg i høve til å vera partipolitisk nøytral eller ikkje, sjølv om det sikkert finst mange lesarar som er interessert i å lese om Sp si partipolitiske historie og der partiet er i dag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Trangere kirkedør