Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nationen bommar på poenget

Nationen og andre mediehus bør vere meir kjeldekritiske i framstillinga av sensasjonelle nyheiter som bryt med vitskapeleg kunnskap. Det gjeld òg ulvenyheiter, særleg fordi dei blir lese av mange.

–  Eg er sjølvsagt ein forkjempar for ytringsfridom og fremjing av ulike synspunkt, men Nationen hoppar bukk over hovudpoenget om kjeldekritisk tilnærming, skriv klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
– Eg er sjølvsagt ein forkjempar for ytringsfridom og fremjing av ulike synspunkt, men Nationen hoppar bukk over hovudpoenget om kjeldekritisk tilnærming, skriv klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Den 26. februar 2020 kommenterer sjefredaktøren i Nationen mitt innlegg "Fake news på norsk", der eg skreiv om dei sensasjonelle funna Telemark Bonde- og Småbrukarlag la fram om kor dei skandinaviske ulvane har sitt opphav.

Les svaret fra sjefredaktør Irene Halvorsen her:

Småbrukarlaget meiner å ha funn som bryt med all kjend kunnskap om ulv i Noreg. Det er ein analyse som er gjort på tvers av vitskaplege prinsipp og som no også er avkrefta av norske fagfolk. Forskarar i NINA skriv i eit svar i Nationen at metodane det tyske laboratoriet brukar, vert vurdert som uskikka til å kunne seie noko om ulven sitt opphav eller grad av hybridisering.

Redaktøren forsvarer dekninga med at ulvesaka opptek og engasjerer mange. Men er dette i seg sjølv eit argument for å ukritisk omtale tvilsame rapportar utan vitskapleg motvekt? Vil Nationen publisere kva som helst, uavhengig av fagleg kvalitet, så lenge det handlar om eit tema som opptek lesarane? Eg håpar svaret er nei.

Annonse

Eg er sjølvsagt ein forkjempar for ytringsfridom og fremjing av ulike synspunkt, men Nationen hoppar bukk over hovudpoenget om kjeldekritisk tilnærming. Nationen ville for eksempel truleg vore forsiktige med å skape falsk balanse i klimadebatten. Kvifor skal ikkje det same gjelde for diskusjonen om arter og naturmangfald?

Den norske ulvestamma er svært godt kartlagt, og norske biologar og vitskapsfolk kan hjelpe Nationen med god kunnskap og innsikt om ulven som finst i Noreg. Når det kjem rapportar med sensasjonelle funn, som bryt med det vi har av vitskapleg kunnskap, er det sjølvsagt ikkje forbode å omtale dei. Men i ein debatt med harde frontar er det etter mitt syn særleg viktig med ei kjeldekritisk tilnærming. Det er rart at dette poenget går Nationens redaktør hus forbi.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Koronaviruset tek ikkje «påskeferie»!