Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når ideologien krasjer

Reformane til Høgre endar i tvang, byråkrati og sentralisering.

Lokalt behov: Politiarbeid kan ikkje gjerast av direktorat og tilsyn, skriv innsendarane. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Lokalt behov: Politiarbeid kan ikkje gjerast av direktorat og tilsyn, skriv innsendarane. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Ideologien til regjeringspartiet Høgre er å bygge samfunnet basert på tillit til enkeltmenneskje. Kvar enkelt skal ha størst mogleg friheit og ansvar for å forme sitt eige liv og si eiga framtid.

Dessverre er det langt frå ideologi til praktisk politisk som Høgre har servert oss gjennom åtte år i regjering. Stutt oppsummert har det enda med ei storstilt sentralisering og byråkratisering av det norske samfunnet.

På åtte år har regjeringa Solberg pulverisert og øydelagt velfungarande statlege og kommunale strukturar. Resultatet er at enkeltmenneskje får mindre friheit til å forme sitt eige liv og si eiga framtid der dei ønskjer å gjera det.

Eit prestisjeprosjekt til regjeringa Solberg har vore kommunereforma. Trass i at det ikkje var nokon etterspørsel etter ein slik reform var dette noko som regjeringa Solberg skulle tvinge igjennom.

Omkvedet var at Norge hadde behov for større og meir robuste kommunar og at det ikkje hadde vore endringar i kommunestrukturen sidan 1965. Kommunane var i tillegg for små og det var for mykje interkommunalt samarbeid.

Sanninga var at regjeringa Solberg ikkje hadde belegg for desse påstandane. Kommunereforma skulle vera noko kvar enkelt kommune skulle ta stilling til og det vart avholdt mange folkeavstemninger.  Kommunar som gjennomførde folkeavstemninger med eit nei-fleirtal som resultat, opplevde likevel å bli samanslått.

Annonse

I realiteten skjedde dette med tvang etter trugsmål om reduksjon i overføringer frå staten. Ein byggjer ikkje tillit med ein slik framgangsmåte!

Kommunereformen har endt opp som ein kaosreform som har kosta skattebetalarane milliardar. Pengar som kunne, og burde vore brukt, til å utvikle gode og trygge lokalsamfunn.

Verda vil støtt vera i endring og det er viktig å ha ein framtidsretta politikk som tek omsyn til det. Vi må likevel stoppe reformar og endringar som gjer at ting går i feil retning.

Uavhengig av samfunnsendringene vil dei fundamentale behova støtt vera der. Vi blir født, vi skal gå på skule, vi blir sjuke og vi blir gamle. Enkelte gonger skjer det også uforutsette ting som gjer at vi har behov for politi og andre beredskapsfunksjonar. Alle desse grunnleggjande behova må vera på plass der folk treng dei av folk som har god lokalkunnskap. Da nytter det ikkje å plassere folk i direktorat og ulike tilsynsfunksjonar og stengje ned fødeklinikkar, trafikkstasjonar og lensmannskontor.

«Dem kainn itj gå på null», sa skøytelegenda «Hjallis» Andersen da han fekk fekk spørsmål om kor fort det er mogleg å gå 10.000 meteren. Vi kan heller ikkje fortsette å reformere og byråkratisere oss vekk frå offentlege tenester ein moderne velferdsstat treng, slik Høgre gjer.

I motsetning til Høgre er det heilt avgjerande for Senterpartiet at alle får like moglegheiter til desse tenestene. Det er einaste moglegheiten for at kvar enkelt av oss får moglegheit til forme sitt eige liv og si eiga framtid der dei ønskjer det. I tillegg fortener det flotte næringslivet vi har i heile Norge, ein offentleg sektor som stiller opp med gode lokale tenester.

Neste artikkel

Mattilsynet i keiserens nye klær