Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Namnebytte

Namnebytte er et knep.

Vy: Nytt felles namnfor NSB og Nettbuss. Det nye namnet vart Vy. Foto: Berit Roald/NTB scanpix

Og mannen ville frå nissen flytta/men reisa kunne nok lite nytta/for høgt frå vognlasset nissen lo/eg trur me flytter idag me to!

Namnebytte er eit knep me kjenner att som middel til å rømma unna eit dårleg omdømme. Kriminelle brukar namnebytte i den hensikt, og no skal NSB prøva same strategien. Men i dei fleste tilfelle så blir nok nissen med på lasset. Slik og med NSB.

Annonse

Men påfunnet kostar uhorveleg mykje pengar. Dei einaste som får nytte av dette, blir dei som skal gjennomføra namnebytte. Dei dansar vel «hulahula» rundt samferdselstatsråden i yr glede.

Kven skal betala? Statsråden for folk flest tek det vel frå sine eigne; «folk flest».

På 90-talet var eg med i formannskap og kommunestyre i Hol, då me fekk forslag frå kommunenen sitt eige selskap, Ustekveikja Energi,om namnebyte. Fekk med meg formannskap til å bruka eigarmakt for å stoppa galskapen. Etterpå vedgjekk og selskapsleinga at det ikkje var smart å bytta namn, i alle høve om ein ikkje hadde eit rykte å rømma frå. Selskapet eksisterer med same namn idag, og er eit velrenomert og veldrive energiselskap; utan namnebytte.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Uetisk propaganda