Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mytespinning om dab

Skal vi her på Indre Sunnmøre og i andre indre og ytre strok av landet vere fornøgde med to radiokanalar?

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Eg har følgt dab-debatten i mange år. Der har Leif M. Synnevåg vore ein aktiv, spissformulert og underhaldande deltakar. No har også eg fått svar på tiltale etter #Motkultur-spalta mi om dab, og eg forstår i det minste så mykje at eg slett ikkje skal vere glad for at radiotilbodet vårt er blitt betre med overgangen frå FM til dab.

Les innlegget frå Synnevåg her:

Utover dette fyrer Synnevåg godt oppunder dei same, gamle mytane som dab-motstandarane har sendt ut til folket i fleire år.

Derfor blir nok heller ikkje Synnevåg førstevalet når vi, som faktisk og heilt reelt har fått eit betre radiotilbod med dab, skal velje kvar vi skal gå for å fortelje om dei positive erfaringane våre. Det øyret har han vore dauv på lenge.

Vi som bur her langt inne i fjordane på Sunnmøre, har fått dei kanalane vi vart lova, eg møter få som ikkje set pris på det auka tilbodet. Vi har fått betre radiodekning i fleire tunnelar, dab-signala når betre ut i den vanskelege og krunglete vestlandstopografien, og vi kan kvar vår få såkornet vårt i den beste jorda vi har, mens vi lyttar til dab-sendingar i øyreklokker som varer i fleire dagar mellom kvar opplading. Tenk det, Synnevåg!

Annonse

Og kvar haust haustar vi fine avlingar medan vi høyrer på dab-radio; ungdommane bakpå potetopptakaren finn sine kanalar, kårfolket sine. Same kva veg eg snur traktoren, får vi god lyd …

… Vel, vi opplever iallfall lyden som god. Dab har aldri gitt seg ut for å vere eit alternativ for dei som jaktar på hifi-lyd. Det har heller ikkje FM gjort. Og med FM kan lyden bli atskilleg meir ròten allereie ved litt dårlege mottaksforhold. FM kan aldri igjen bli ein vinnar i eit land med vår topografi – iallfall ikkje viss vi ønskjer eit større kanaltilbod og god dekning fleire stader.

Synnevåg har halde standhaftig på myten om norsk einegang og internasjonal dab-togn. Storbritannia er eit heller dårleg valt eksempel. I 2018 stod dab for 72,3 prosent av den digitale radiolyttinga i Storbritannia (auke frå 2017) BBC har elleve fulltidskanalar som sender på dab – somme berre på dab. I 2017 hadde den nasjonale kringkastaren over 97 prosent befolkningsdekning for dab.

Storbritannia er eitt av dei landa som har komme lengst i arbeidet med å gi lyttarane tilgang til dab-standarden, og har eit stort utval av riksdekkjande, regionale og lokale kanalar. BBC satsar naturlegvis friskt, som radiostasjonar i dei aller fleste andre land, også på IP-radio – eller radio via internettet. BBC spår at overgangen til IP-radio kjem til å slå inn for fullt i Storbritannia når vi nærmar oss 2030.

Den norsk topografien tilseier at overgangen langt frå blir like enkel her. Meiner Synnevåg at vi her på Indre Sunnmøre og i andre indre og ytre strok skulle vere fornøgde med to kanalar i ti–femten år til – og kanskje enda lenger?

Elles kan alle som er interesserte i å lese meir om korleis det står til med dab-utbygginga og -bruken i verda, gå inn på nettsida til WorldDab – www.worlddab.org – der er det mykje god informasjon å finne.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skivebom fra Mæland