Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mjølkeproduksjon i omstilling

Verkelegheita er i ferd med å siga inn over norsk mjølkeproduksjon.

Jarlsberg: Tine byggjer ny fabrikk for produksjon av osten Jarlsberg i Irland. Foto: Tine

Utfasing av eksportstøtte til norskprodusert Jarlsberg gjer denne produksjonen uaktuell, og reduserer mjølkebehovet. Det var lenge ein tanke at ein stor del av dette volumet kunne takast att, ved auka sal i den norske mjølkemarknaden. No er det tvert i mot slik at auka import og lågare sal fører til mindre mjølkebehov også på heimemarknaden.

Opp mot 20 millionar liter per år har vore trenden dei siste åra. Det er ingen annan utveg, vi som produsentar må tilpassa oss marknaden og redusera produksjonen. I fyrste omgang med minst 100 millionar liter eller om lag 8 prosent.

Diskusjonen er i full gang om korleis dette skal skje, og ikkje minst på sosiale medium er temperaturen høg. Men også på årsmøtet til Norges Bondelag var det eit sentralt tema, med sterke meiningar. I jordbruksavtalen for 2019 er partane samde om at reduksjonen skal skje ved utkjøp av produsentar og regulering av forholdstal.

La oss slå det fast med ein gong, forslaget om å bruke omsetningsavgift til å finansiere utkjøp av mjølkekvote må ein parkere snarast råd. Sjølv om det vert fram snakka av fleire, er det nesten uråd å finna gode argument for den løysinga. Det mest sannsynlege er at interessa for å slutte er størst i dei område det er mest om å gjera å oppretthalda produksjonen.

«Formålet med kvoteordningen for melk er å tilpasse melkeproduksjonen til avsetningsmulighetene i markedet» heiter det i forskrift om kvoteordning §1. Vi har altså verktøyet, det er berre å bruke det rett.

Forskrift om kvoteordninga har to forholdstal, både for grunnkvote i § 2 og for disponibel kvote i § 4. Endringar i kvoten har dei siste åra skjedd ved endring av forholdstal for disponibel kvote, ved å endre §4 i forskrifta.

Annonse

Det er fleire gode grunnar til at ein nå bør endra § 2, og redusere forholdstal for grunnkvote.

Det er grunn til å tru at det er ein meir eller mindre varig reduksjon av produksjonsvolum.

Dei som leiger ut kvote får eit tydeleg signal om at dei og må ta sin del av tilpassinga. Ein regulerer ned det volum dei som vil selje kvote får betalt for. Ved reduksjon av grunnkvote har ein gode argument for at kjøpt kvote i status kan avskrivast med same prosent som kvoten vert redusert. Dette gir skattegevinst i ei tid med pressa økonomi.

Det blir argumentert med at det er juridiske problem knytt til endring i grunnkvote. Utforminga av forskrifta med eige forholdstal for grunnkvote viser at den er laga for å kunne gjere det. Dette har også vore gjort før, no er det eit tydeleg behov for å gjere det igjen.

Når samla kvote vert redusert vil den totale kvotefyllinga auke. Ein må difor redusere kvoten meir enn behovet for nedgang i produksjonsvolum. Det kan difor vær naudsynt å redusere grunnkvoten med minst 10 prosent. Det er lett. å skjøna at den einskilde mjølkeprodusent vil oppleva dette som dramatisk. Det er då viktig å hugse at å ikkje tilpassa produksjonen vil ha endå større konsekvensar for økonomien.

Løysinga for den einskilde produsent er heller ikkje å gå ut på marknaden å skaffe seg meir kvote. Ein kan berre ane kva resultatet av det blir for kvoteprisar utover alle logiske nivå.

Både oss produsentar imellom, og innan rådgjevingsapparatet må fokuset rettast mot korleis ein kan optimalisera økonomien på eit lågare volum. Her er det potensial for dei fleste av oss. Å nytta det er det beste både for den einskilde og for fellesskapet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Drøftinger om melkekvotene