Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mjølkegeita forsvinn frå landbruket

Vi les fleire gode artiklar i media siste tida som belyser utfordringane for geitmjølksproduksjonen i Norge. Ei næring med kun 260 enkekeltprodusentar igjen i Norge. Vi vert færre for kvart år.

Geitmjølksbøndene er svært bekymra for framtida til geitmjølksproduksjonen, som no er i ferd med å verte redusert bit for bit, landsdel for landsdel, skriv Vidar Sandal. Foto: Privat
Geitmjølksbøndene er svært bekymra for framtida til geitmjølksproduksjonen, som no er i ferd med å verte redusert bit for bit, landsdel for landsdel, skriv Vidar Sandal. Foto: Privat

Om denne utviklinga fortset og 5 prosent legg ned kvart år så er vi 130 produsentar om 10 år. Ja det er faktisk 10 år til underteikna legg inn årene.

Gloppen er i ferd med å tøme dalføra med mjølkegeit. I Kandal var det 14 aktive bruk for 30 år sidan. I dag er det 3. Vi opplever at antalet produsentar går nedover. Vi ser at i dalfører med 2 produsentar forsvinn den eine. Det vert ein enkeltbrukar igjen og denne siste gjev signal om at han tel på knappane. Tilsvarande ser vi no i Jølster.

Det sterke produsentmiljøet inn mot Tine sitt anlegg på Byrkjelo er i ferd med å verte pulverisert på geitemjølk.

Vi ser i dag at 8 av 10 fjøs er tome for husdyr i Gloppen. Kor få produsentar er det greitt at vi er før heile geitmjølksmiljøet vert sett ein svart tjukk strek over i forhold til produksjon i regi av Tine?

Eit Tine-konsern, som geitmjølksmiljøet er nøydde å ha som den sterke drivkrafta. Ein aktør for å hente inn geitemjølka frå produsentane og produsere gode produkt. Geitmjølksrodusentar som i dag er 1000 færre enn då underteikna starta opp for 30 år sidan.

Ei geitenæring som i dag heng i ein tynn tråd, om ikkje Landbruksdepartementet, landbruksorganisasjonane og Tine stakar ut ein trygg framtidsretta kurs inn i mot framtida.

Geitmjølksnæringa må ha rammevilkår for ei produksjonskvote som den aktive bonden eig sjølv, for å kunne planlegge langsiktig.

I dag vert 26 prosent av mjølkekvotane leigde vekk av dei som ikkje vil ha mjølkeproduksjon som yrke. Slik kan ikkje geitmjølksnæringa ha det!

Mange som sluttar sel kvotane sine til ein uforsvarleg høg pris for kjøper. Her må statleg styring sikre ein akseptabel låg pris for bonden som skal leve av produksjonen inn i framtida.

Annonse

Ved sal av mjølkekvote går 40 prosent av kvotane inn til staten som kvilande kvote, grunna for lite sal av geitmjølksprodukt. Dermed vert samla produksjon lågare inn i framtida.

Her sviktar gjennomslagskrafta til Bondelaget i jordbruksforhandlingane.

Geitmjølksnæringa krev ein stødig aukande produksjon og eit omsetningsledd som gjer at geitmjølksprodukta vert gjort kjende for forbrukar. Kunnskap om ein mildare smak og sjølvsagt ein rettmessig hylleplass i butikk.

Det er med økonomiske utfordringar i Tine ei forståing at ein ikkje slår om seg med nye produkt no. Det er heilt uakseptabelt å legge ned utforska, etablerte gode framtidsretta ostar. Geitostar som heller bør aukast i volum produksjon.

Geitmjølksnæringa krev ein målretta kurs om produksjonsmål, for dermed å auke salet av geitmjølksprodukt. Vi må i dag søke med lupe mellom kva enkeltbutikkar som fører kvite geitostar. Det aukar ikkje salet når butikkane vel vekk geitmjølksprodukt.

Det vert vist til ein eldre brunostgenerasjon som det er i ferd med å verte færre av. Kvite milde gode geitostar er framtida og her vel no altso Tine å legge ned produksjonen og satsinga på geitemjølk. Dette er lite målretta og framtidsretta. Konsernet sparar midlar og innovasjonskostnadar på etablerte gode kjende produkt og heller utvikle og auke den svært gode Balsfjordosten.

Geitmjølksbøndene er svært bekymra for framtida til geitmjølksproduksjonen, som no er i ferd med å verte redusert bit for bit, landsdel for landsdel. Avstandane vert svært store og argumentet for å legge ned delar av landet vart sist brukt av Tine i utkjøpsordninga i 2001.

Kva produksjonsmål og strategi har Tine eigentleg med geitmjølksproduksjonen nærmaste tiåra?

Mitt inntrykk er at leiing og administrasjon flyt på mykje faguttrykk, men synk på målretta nasjonal strategi for geitemjølka.

Næringa er i dag nede på 94 prosent av kvoten. Tine forslo i fjor å redusere til 93 prosent, men Landbruksdepartementet sette foten ned.

Kvifor greier ikkje Tine å løfte covid-salet på geitmjølksprodukt når alt anna sal går så det griner …?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Muligheter i markedet