Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Midlane bør i staden gå til å styrke norsk mjølkeproduksjon

Utfasing av konkurransepolitiske verkemiddel må starte nå.

Hurdalsplattforma er tydeleg på at PU-ordninga skal halde fram, men at dei konkurransepolitiske verkemidla skal fases ut. Denne utfasinga må regjeringa starte med nå, skriv Asbjørn Stensrud. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Hurdalsplattforma er tydeleg på at PU-ordninga skal halde fram, men at dei konkurransepolitiske verkemidla skal fases ut. Denne utfasinga må regjeringa starte med nå, skriv Asbjørn Stensrud. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Når vi går på butikken og kjøper meieriprodukt som mjølk, fløte og ost betaler vi samtidig ei avgift som går inn i ei Prisutjavningsordning (PU-ordninga). PU-ordninga har mange viktige funksjoner som sørgjer for at vi kan ha landbruk, mjølkeproduksjon og industriarbeidsplasser i heile Norge.

PU-ordninga er viktig for å lage meieriprodukt som har kostnadskrevjande produksjon. Utan PU-ordninga vil bonden som leverer mjølka si til osteproduksjon, få lågare pris enn bonden som leverer mjølka til drikkemjølk.

1 liter mjølk = 1 liter drikkemjølk medan 1 kg ost = 10 liter mjølk. Vi som kundar er nok ikkje viljuge til å betale same pris for 1 kg ost som det kostar for 10 liter med drikkemjølk. PU-ordninga er viktig for å auke sal og halde oppe mjølkeproduksjonen.

Transport av mjølk frå gard til meieri er ikkje gratis. PU-ordninga gjer det mogleg å levere mjølk til lik pris i heile landet uansett kor lang veg det er til meieriet. Det er også viktig å legge til at ordninga er lik for alle meieriaktørar. Sagt på ein annan måte med eit finare ord; Den er aktørnøytral.

På 2000-talet vart det politisk bestemt at Tine skulle få auka konkurranse. Bruken av PU-ordninga vart utvida til å subsidiere meieriaktørar som skulle konkurrere med Tine. Dei siste 15 åra har det vorte betalt ut 2 milliardar kroner til desse aktørane. Q-konsernet åleine, har motteke 1,5 milliardar kroner. Denne delen av PU-ordninga kan ikkje på nokon måte kallast å vera aktørnøytral.

Gjennom dei siste 15–20 åra har det skjedd mykje i norsk meierisektor. Tine har fått reell konkurranse frå mellom anna Q-konsernet. Q-konsernet har etablert og bygd opp eit rasjonelt meierikonsern i den delen av landet der det blir produsert mest mjølk.

Annonse

Tidlegare i år opna Q-konsernet Norges største meieri på Jæren. Samtidig ser ein at Q-konsernet tek stadige marknadsandelar frå Tine, særleg i dei mest befolkningstette områda i landet vårt. Kombinert med ein stadig aukande import av meierivarer frå utlandet, opplever Tine ein merkbar nedgang i sal av sine produkt.

Tine er ein avgjerande bidragsytar for å sikre jordbruk og busetting i heile landet. Dei har mottaksplikt, hentar mjølk over alt i heile landet, og dei forsyner heile Norge med mjølk og meieriprodukt.

I tillegg har dei ein anleggsstruktur (meieri), som er tilpassa at det skal vera landbruk og mjølkebruk i heile Norge. Nå er denne strukturen sett i spel. Tine må kutte kostnader og nedskalere anlegga sine. Dette er alvorleg for norsk jordbruk og det er alvorleg for norske industriarbeidsplassar. Berre i Gudbrandsdalen sysselsett Tine fleire hundre industriarbeidsplassar.

Bruken av PU-ordninga til å subsidiere konkurranse i meierisektoren har virka. Tine har fått konkurranse, noko historia til Q-konsernet viser.

Hurdalsplattforma er tydeleg på at PU-ordninga skal halde fram, men at dei konkurransepolitiske verkemidla skal fases ut. Denne utfasinga må regjeringa starte med nå.

PU-ordninga utbetalar kvart år 200 millionar kroner i konkurransepolitiske verkemiddel til Tine sine konkurrentar. Desse midlane bør i staden gå til å styrke norsk mjølkeproduksjon for å demme opp for utanlandsk import av meieriprodukt.

Neste artikkel

Et fortvilet rop fra europeiske beitebrukere