Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Middelhavskost – kva er det?

I Nationen 10. januar kunne vi lesa at «Nordisk kosthald» kom på 10.-plass på U.S. News si liste. «Middelhavskost» kom som vanleg på topp. Men kva er dette?

Middelhavskosthold: Vi får inntrykk av eit ganske magert kosthald, med lite animalske produkt, men stemmer det? Spør Morten Nilsen. Her ein gresk salat. Foto: Mostphotos
Middelhavskosthold: Vi får inntrykk av eit ganske magert kosthald, med lite animalske produkt, men stemmer det? Spør Morten Nilsen. Her ein gresk salat. Foto: Mostphotos

Er det eit tenkt kosthald med salat, tomatar og litt brød med ein dash olivenolje, eller er det den faktiske dietten i landa rundt Middelhavet? I faktaboksen til artikkelen kan vi lesa at «En typisk middelhavsdiett er basert på mye grønnsaker, frukt, nøtter og fullkorn, noe fisk og litt rødt kjøtt. Fettkildene er sunne: olivenolje, nøtter og avokado.»

Landa Spania, Hellas og Italia vert trekt fram. Vi får inntrykk av eit ganske magert kosthald, med lite animalske produkt. Studerer vi ulike statistikkar over konsum av ulike matvarer får vi eit ganske anna bilete.

Spania har høgast kjøtforbruk i heile Europa. Svin står særleg sterkt (jamón!). Også i Italia og Hellas er kjøtforbruket over snittet i EU, og klart høgare enn her til lands. Fullkorn? Har nokon sett grovt brød i desse landa?

Fullkornspizza og fullkornspasta er å få her i landet, som lite populære alternativ, men spelar neppe nokon rolle i Italia. Litt raudt kjøt? Eg vil heller bruka orda «ein del», men som i mange europeiske land er forbruket av raudt kjøt på veg ned, etter massivt påtrykk om fare for kreft og klima.

«Noe fisk» ser ut til å vera korrekt, mykje frukt og grønt likeså. Fleire kjelder oppgjer Hellas som verdas største konsument av ost, per innbyggar. Også Italienarane et mykje ost. Kjøt og ost er som kjent rikt på det utskjelte metta feittet.

Annonse

Mange har nok merka at gresk mat ofte er i overkant dynka i olje, og grekarane har suverent høgast inntak av olivenolje, med over 20L per innbyggar per år. Italia og Spania er nummer 2 og 3, med cirka halvparten så stort inntak.

Frankrike er også eit middelhavsland, men med unntak for Provence er deira kjøken basert på smør. Franskmennene konsumerer berre 1,7L olivenolje årleg, men altså mykje meir smør enn dei andre 3 landa.

Fransk ostekonsum er også i toppen, rett bak det greske. Statistikken over dødsfall pr. 100.000 som følge av hjartesjukdom (i parentes) syner: Frankrike (31), Spania (38,9), Norge (46,5), Italia (51,3), Hellas (71,2). Over dobbelt så mange døde av hjartefeil i olivenoljelandet Hellas som i smørlandet Frankrike!

Sunt feitt i nøtter? Avokado? Mange trur at berre feittet er fleirumeitta, så er det sunt. Men vi treng ikkje så mykje fleirumeitta feitt, og det er viktig at det er ein viss balanse mellom dei to familiane omega-6 og omega-3.

Av nøtter er det berre valnøtter som inneheld bra med omega 3 (forhold 4:1). Mandlar og peanøtter er så godt som omega-3 frie. Avokado har eit forhold på cirka 13:1, om lag som i olivenolje (11:1). Det gode med båe desse er at innhaldet av fleirumetta feitt er såpass lågt at omega-6 og omega-3 ikkje gjer så mykje skade.

«Bloomberg Healthiest Country Index» kåra Spania på topp i 2021, før Italia, Island og Japan. Trass i solid kosthald, eller nettopp difor?

Neste artikkel

Helvetesild på bondevis