Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Michelin-stjerner og jærbonden

Når det gjeld størrelse på porsjonar har eg aldri brukt pinsett på noko eg har fått servert.

Stjerner i sikte: Bilete av alle som har fått stjerner under utdeling av Michelin-stjerner i dei nordiske landa i år. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
Stjerner i sikte: Bilete av alle som har fått stjerner under utdeling av Michelin-stjerner i dei nordiske landa i år. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Sambygding og partikollega Geir Pollestad var ute på tynnisen då Michelin-stjernene hagla ned over norske restaurantar. Han syntest «pushvarslinga» frå nyheitsbyråa tok av. Eg tenkte å gjera meg nokre tankar som jærbonde om dette fenomenet.

Som bonde og matprodusent trur eg trygg mat er det som ligg framst i tankegangen. Norske bønder er mellom dei som brukar minst antibiotika og plantevernmiddel i verda. Samfunnsoppdraget om å oppretthalda busetnad og kulturlandskapet i heile landet er krevjande, men avgjerande for landet nå og i framtida. Det er sikkert mogleg å oppfatta bondeyrke som noko traust og traurig. Eg meiner det er feil, men dersom folk har tillit til bonden og matproduksjonen, så skit au.

Me har fått tallause nisjeprodusentar dei seinare åra, eit mangfald av ulike produkt, og nokre av dei får prisar og oppmerksomheit. Naboen, som driv med geit, har samarbeid med ein kokk som driv ysting på garden. Dei har fått fleire prisar på tilstellinga «Det norske måltid». Ein av prisostane er kalla Lille Aske. Eg likar den ikkje, men eg er langt frå nokon gourmet. Det har vore mykje god omtale av osten og gardsbruket i nyheitene, og bussar med folk på synfaring og handling. Denne omtalen som kjem ut av dette og andre som driv med spesialproduksjonar, stjernedryss, lokal tradisjonsmat og liknande meiner eg er gull verd for norsk landbruk.

Når det gjeld størrelse på porsjonar har eg aldri brukt pinsett på noko eg har fått servert.

At me som bønder kan synast noko av desse spesialitetane er noko lite spesielle jamfør meir masseprodusert meiner eg er rivnande likegyldig. Dersom det er ein marknad som vil betala ein meirpris for desse varene, er det berre å juble. Nå trur ikkje eg at dette er løysinga for alle, men det vert «fyrtårn» for volumproduksjonen.

Jærbuen er lite kjend for å bruka store ord og vendingar, også om skildring av mat. «Det var etandes» er eit uttrykk for god mat, «treng ikkje skjemmast av dette» eit anna. Diktaren Arne Garborg skreiv om jærbuen «å pina korn ut av aur» (aur er grov sand). Det går også historier om tilsetjing av gardshjelp før i tida. Dei som kunne bli sett i arbeid vart fyrst inviterte på middag for å sjå kor rakst dei åt opp maten. Det skulle seia noko om arbeidskapasiteten.

Annonse

Når det gjeld størrelse på porsjonar har eg aldri brukt pinsett på noko eg har fått servert. Det er likevel vore ei kjend sak at når det er tilstellingar der det er mykje bønder, må hotella få beskjed slik at dei tek omsyn til mengde med både potet og kjøt.

Som leiar i Bondelaget var eg på mange representasjonsmiddagar i Noreg og andre deler av verda, og fekk smaka på mykje forskjellig. Ein gong i Genève skulle me ut på kvelden og eta saman med den sveitsiske delegasjonen. Som meg var ikkje den sveitsiske bondelagsleiaren heller glad i fisk, som dei andre skulle eta. Delegasjonane kvitta seg med oss leiarane på ein biffrestaurant. Biffen var grei, men det vart eit stille måltid, då sveitsaren berre snakka fransk og eg var svar skuldig.

Dersom eg skal ta fram noko av den beste maten eg fekk på mine seks år som leiar i Bondelaget, er det sosakjøt eg fekk ein gong i Sogn og Fjordane. Me var på bondetur i fylket og skulle få middag heime hjå familien Støfring. Då fekk me storfekjøt som var steikt i bitar og kokt i brun saus med grønsaker til. Me var mette langt ut på neste dag, dette var for meg stjernemat.

Som sagt eg er ingen gourmet. Eg er bortskjemd i matvegen og for gamal til å gjere noko med det. Frua og eg brukar rett som det er og gå ut og eta. Alle desse fancy, nye rettane er ikkje noko for meg. Eg vil ha noko eg veit kva er og som eg vert mett av. Smaken er som baken, seiest det.

Under jordbruksforhandlingane bruka me og gå på ein spisestad på Grønland, store porsjonar og god biff. Når frua og eg var i Oslo etterpå, bruka me ein kveld på god mat og litt tradisjon der. Det fekk ein ende i fjor. Då hadde menyen vorte endra til noko fancy greier, som sikkert var meir i tida, men det var lite gjester den kvelden.

Me lever i ei tid der trendar endrar seg raskt. Det er vel lov å kalle mykje av dette for snobberi, anten det gjeld klede, mat, mobiltelefonar, møblar, skiutstyr eller anna. Når ein då høyrer om barn som vert mobba på skulen for feil sko, klede eller mobiltelefon er det ei sjuk tid me lever i.

Eg spør meg sjølv meir enn ei gong: er eg vorte ein sur gamal gubbe, eller er samfunnet på villspor. Eg berre spør.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Koronaevaluering på bakrommet