Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meiningsbrytinga i matfatet

Forbrukaren har lenge vore femte hjul på vogna i jordbruksoppgjeret. Men dersom landbruket sjølv skal styre utviklinga av næringa, må forbrukaren i større grad bli lytta til.

En aktør: Forbrukeren må hensyntas mer i landbrukspolitikken. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Før var det lett å skilje det gode frå det vonde i norsk landbruksdebatt. Anten var du sterk i trua på den norske bonden, norsk mat, på landbrukssamvirka og Distrikts-Noreg. Eller så stod du på den andre sida og meinte at jordbruksoppgjeret i beste fall var ein bortkasta post på statsbudsjettet.

Slik er det ikkje lenger. Synet på mat og landbruk er meir samansett enn tidlegare. Mat har blitt ein sterk identitsmarkør for fleire, og landbruksdebatten har blitt mindre føreseieleg av det. Matvala kan vere baserte på trendar, fornuft, kjensler, kunnskap – eller vranglære, for den saks skuld. Mat er politikk, kultur, helse, ideologi, identitet og hobby på ein gong, og haldningane til landbruket blir danna på grunnlag av alt dette.

Fleire meiner noko om mat, måten maten blir laga på og korleis vi kan endre matproduksjonen vår til det betre. Kva det er, finst det også mange ulike svar på, og dei færraste forbrukarane er samde med landbruket i eitt og alt.

At landbruk er eit felt mange meiner noko om, er bra for landbruket. Det betyr at matproduksjon har blitt viktig for fleire. Det at meiningsberarane er mindre skolerte eller har gått ein annan skole enn før, utfordrar næringa på nye måtar. Innspela frå dei som kjøper og et mat, er ulike, og kunden har ikkje nødvendigvis alltid rett. Tiltrua til kva den norske naturen, bonden og fotosyntesen i samarbeid kan bidra med er til dømes i overkant høg hos ein del. Ikkje alle innspel kan følgjast.

Likevel bør landbruket møte dei med openheit, svare med kunnskap – og innimellom gjere endringar. Norsk landbruk kan ikkje vinne alle forbrukarar, men landbruket kan bygge tillit hos dei som er i tvil ved å vise vilje til å tilpasse seg på område der det er mogleg.

Å møte behova frå forbrukaren på landbruket sin heimebane vil vere mykje smartare enn å ignorere dei. Ta klimasaka som eit døme. Klima er kanskje den viktigaste enkeltsaka i nyare tid, den saka som påverkar flest menneske og flest næringar. Klimasaka får folk til å endre åtferd og stille krav til at andre skal gjere det same. Det er eit felt der noko må gjerast kjapt, og der alle kan gjere noko. Mellom anna landbruket.

Annonse

Gunhild Stordalen i organisasjonen Eat vil at folk skal ete maks 14 gram kjøtt kvar dag. Nokon vel å forsvare norsk kjøttproduksjon med å latterleggjere heile saka hennar fordi ho sjølv tar for mykje fly. Men at Gunhild Stordalen tar for mykje fly endrar ikkje det faktum at noko må gjerast for å redusere klimautsleppa og at landbruket kan bidra til det. Og ved å avfeie problemstillinga, skuvar ein også vekk ein stor del av forbrukarane.

At Gunhild Stordalen tar for mykje fly endrar ikkje det faktum at noko må gjerast... og at landbruket kan bidra.

Landbruket har tradisjon for å utvikle seg, og viljen til å gjere klimavenlege tilpassingar er til stades hos mange bønder, i næringsorganisasjonane og hos samvirka. Og det er viktig at det er næringa sjølv som ligg i framkant og styrer denne endringa, mellom anna gjennom å prioritere og integrere klimatiltak i jordbruksoppgjeret.

Landbruksorganisasjonane har levert 30 moglege klimatiltak for landbruket til regjeringa, og i den noko landbrukspolitisk sprikande regjeringa er det fokus både på landbruk over heile landet og at landbruket skal ta sin del av klimakutta her til lands. Jordbruksoppgjeret er eit høve for partane til å sameine kunnskap om landbruk og klima med politikk og pengar, og omsetje vilje til handling. Dersom landbruket sjølv skal utvikle seg på ein berekraftig og langsiktig måte må endringane skje på næringas eigne premiss.

Alternativet er ikkje at endringa ikkje kjem, men at ho er styrt av andre. Det gjeld i klimasaka, og det gjeld i andre saker. Forbrukarane veit kva makt dei har og at dei har tyngd til å forandre, og dei vil ikkje vere fornøgde med å vere femte hjul på vogna i ein einaste debatt som handlar om mat.

Matvarekjedene orienterer seg i takt med dei ulike meiningane i matfatet. Hos dei har kunden alltid rett. Dersom ikkje forbrukarane blir lytta til når landbruket og regjeringa gjer sine felles prioriteringar, risikerer landbruket at kjedene og dei sterke interesseorganisasjonane kjem dei i forkjøpet og tar over styringa. Og at tilliten til næringa blir svekt.

Då er det landbruket sjølv som blir femte hjul på vogna.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skam deg!