Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mediemeldinga manglar blikk for nynorsken

Nynorsk er ikkje nemnd med eit ord i den nye mediestøttemeldinga.

Manglar nynorskblikk: Kulturminister Trine Skei Grande, her under presentasjonen av mediestøttemeldinga førre veke. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Manglar nynorskblikk: Kulturminister Trine Skei Grande, her under presentasjonen av mediestøttemeldinga førre veke. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Regjeringa er full av lovord om språkleg mangfald, men brukar ikkje dette høvet til å gi tydeleg betre rammevilkår for nynorsken. Mediemeldinga har mange gode formuleringar om kor viktig norske medium er for norsk språk, men ho tek ikkje tydelege omsyn til dei svært ujamne konkurransetilhøva mellom nynorsk og bokmål.

Samstundes er det gledeleg at mediemeldinga tek på alvor kor viktig den norske lokalpressa er for eit levande demokrati, og vil auke støtta til lokalavisene. Dei er òg svært viktige for å halde oppe eit levande nynorsk språk.

Annonse

Om lag ein tredel av dei lokalavisene som får produksjonstilskot i dag, er nynorskaviser. Men at dei skal styrkast på kostnad av dei svært viktige meiningsberande avisene som kvar dag produserer god nynorskjournalistikk ut til heile landet, er dårleg språkpolitikk.

I eit intervju med Framtida.no har kulturminister Trine Skei Grande opna for at nynorsk kan bli eitt av fleire styringsmål ho vil setja for den nye mediestøtta. Dette bør vere sjølvsagt, og det vil gi grunnlag til særskild støtte til meiningsberande aviser som Dag og Tid, Nationen, Klassekampen og Vårt Land fordi dei nyttar nynorsk.

Så er det godt å sjå at meldinga slår fast at NRK så langt ikkje er konkurransevridande andsynes kommersielle medium. Særleg er det positivt for nynorsken at nrk.no får halde fram som før, fordi det er ei populær nettavis som har mykje nynorsk.

Den nye organiseringa av stønadsordninga til norsk presse skal skje eit steg lenger vekk frå politikken. Mykje er ennå uklart når det gjeld korleis dette vil slå ut for prioriteringane på sikt, men dei politiske styresmaktene må følgje godt med på kva følgjer nyordninga har for stillinga til nynorsken.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kanskje kjem kongen!