Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Med ryggen mot matmakta

Matmakt og ein marknadssituasjon i ubalanse er hovudårsaka til at Nortura har hamna der selskapet er no.

Matmakt: Det må snarleg på plass ei lovendring som regulerer makt(u)balansen, skriv innsendaren. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Matmakt: Det må snarleg på plass ei lovendring som regulerer makt(u)balansen, skriv innsendaren. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Nedlegginga av Nortura-slakteriet på Otta kom dessverre ikkje som noko stor overrasking. Eit fenomenalt engasjement frå tilsette, produsentar, lokalbefolkning og lokalpolitikarar var ikkje nok til å få Nortura til å snu.

Prosessen i denne saka har ikkje vore bra, og eg har stor forståing for sinnet og frustrasjonen som dette har utløyst mot Nortura si leiing.

Avgjersla om å legge ned slakteriet på Otta er vond for alle dei tilsette som blir råka, for produsentane og for regionen. Trass i dette er eg heilt overtydd om at Nortura ikkje er rett adressat for sinnet. Avgjersla som Nortura har gjort viser krisa som selskapet er i.

Den rolla som Nortura har og har hatt som samvirkeinstitusjon med mottaksplikt og marknadsregulator er under sterkt press. Den største grunnen til Nortura har hamna der dei er no, er ei matmakt og ei marknadssituasjon som er heilt i ubalanse. Rammevilkåra til Nortura har over tid vore svært utfordrande.

Matmakta til daglegvaregigantane Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 er den viktigaste grunnen til dette. I tillegg har vi ei regjering som vil ha meir konkurranse og som ikkje finst interessert i at samvirkebønder skal ha marknadsmakt.

Ein langvarig produsent- og forbrukarboikott av Nortura vil føre til ei ytterlegare svekking av landbrukssamvirke. Det er berre daglegvarekjedene som vil tene på ein boikott.

Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 kontrollerer i realiteten verdikjeda for mat, frå produksjon til butikk. Norgesgruppen kontrollerer nesten 45 prosent av daglegvarehandelen i Norge. I tillegg til å vera einerådande i daglegvarehandelen styrer daglegvarekjedene distribusjonen og matindustrien.

Annonse

Skal Nortura selja varene sine til Norgesgruppen, må distribusjonen skje gjennom distribusjonsselskapet Asko som er eigd av Norgesgruppen. Det er ingen tvil om at Nortura har lidd store økonomiske tap som følgje av at dei måtte gje frå seg distribusjonen av eigne produkt til Asko. Kor mykje er det berre Nortura som kan gje svar på.

Når ein i ettertid ser konsekvensen av å gje frå seg distribusjonen til Asko, er det eit betimeleg spørsmål å spørja Nortura-leiinga kor mykje medlemsprodusentane var involvert i den avgjerda.

Maktkonsentrasjonen som ein ser i daglegvarebransjen i dag kan ikkje halde fram. Den går utover landbruket, produsentar, matindustri, sjølvforsyning og matsikkerheit. Det fører og til sentralisering, dårlegare dyrevelferd og uheldige miljøkonsekvensar i form auka transportavstandar.

Daglegvarekjedene har i all hovudsak fokus på volum, inntening og billig mat til forbrukarane. Daglegvarekjedene driv ei utvikling i retning av eit leiglendingslandbruk, vekk frå den private bonden vi har i Norge i dag.

Det må snarleg på plass ei lovendring som regulerer makt(u)balansen. Regjeringa har akkurat lagt fram eit lovforslag om god handelsskikk ut på høyring. Etter planen skal dette behandlast og vedtakast av Stortinget på nyåret.

Det eg har sett av lovforslaget verkar ikkje betryggande sjølv om intensjonen er god. For eksempel vil den ikkje stoppe utviklinga av daglegvarekjedene sine eigne merkevarer og dei kan framleis halde fram med distribusjonsselskapa sine. Skal ein lukkast med denne lova må det ligge til grunn ein klar lovheimel som sørgjer for å få splitte opp maktkonsentrasjonen.

Det må på plass eit lovverk som gjer det umogleg for ei gruppe aktørar å sitte med makta i kvar ende slik dei gjer i dag, innteninga inkludert. Eksempelvis meiner eg at daglegvarekjedene ikkje kan eige distribusjonsleddet. Eg håpar derfor at eit samla Storting tek tak i dette.

Vi må ha ei slagkraftig lov som sørgjer for betre rammevilkår for landbruk, produsentar, samvirkebedrifter og auka sjølvforsyning og matsikkerheit for heile landet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Er matsektordebatten faktabasert?