Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Med Hans Bårdsgård på «bærtur»

Kva er galt med allemannsretten?

Får kritikk: Nationen-kommentator (og grunneigar) Hans Bårdsgård er for negativ til allemannsretten, skriv lesarbrevforfattaren. Foto: Siri Juell Rasmussen
Får kritikk: Nationen-kommentator (og grunneigar) Hans Bårdsgård er for negativ til allemannsretten, skriv lesarbrevforfattaren. Foto: Siri Juell Rasmussen

Kommentator Hans Bårdsgård i Nationen innleier tredje dag i det nye året med å dra på «bærtur» saman med allemannsretten i den venstre handa og eigedomsretten i handfast grep under høgrearmen. Han har lite til overs for at følgjessveinen på venstre side skal få plass i Grunnlova, noko eigedomsretten som ei sjølvfølgje har hatt lenge.

Med respekt for eigedomsretten, kva er galt med i enda sterkare grad å sikre folk flest sin rett til å bruke den uskuldige retten det er å ferdast og hauste enkelte av naturens nyttevekster på visse vilkår i utmarka?

To historiske forhold.

Eg må få minne Hans Bårdsgård om to forhold når han hegnar så sterkt om retten til å «eige» norsk natur. Norsk natur er det ingen som eig. Grana i skoglia, furua på bergknausen, elgen i skogkanten, villreinen på vidda og til og med blomane og andre vekster på marka er eigedomslause. Det er retten til å nytte seg av og hauste desse biologiske naturgåvene berekraftig som litt misvisande blir kalla eigedomsrett. Det rette ville vore å kalle dette for bruksrett med næringsmessige og økonomiske motiv.

Annonse

Allemannsretten er og ein bruksrett for alle, men utan vinningsmotiv.

Det er viktig å minne om at i utgangspunktet var naturen fri for alle utan at nokon eigde han , men der dei fleste hausta av han til livets opphald. Så kom tida da enkelte ville tileigne seg særeige og sjølvstendig herredøme over større og mindre areal i utmarka frå fjord til fjell og til det som seinare har blitt innmark. Kfr Vestens beslaglegging , eller rettare landnåm, av indianaranes områder i Amerika. I Noreg skriv denne landnåmstida seg tilbake til lenge før Vestens utvandring til Amerika.

Like fullt er ho forhistoria til det som i dag blir kalla eigedomsretten, der nokre sikra seg store landareal til eige vinningsbruk, medan andre måtte klare seg med mindre og nokre med ingen ting.

Med desse historiske forholda som bakteppe, vil det ikkje vera urimeleg om allemannsretten får like sterk plassering på sitt interesseområde i Grunnlova som den eigedomsretten og forvaltaransvaret har i dag innanfor sine interesser. Me må hugse på at naturen og ressursane og eigenverdiane der er eigedomslause. Det er retten til å bruke dei på ulike vis og etter ulike behov som er heimla både i allemannsretten og i grunneigarretten med respekt for begge rettane. Eigedomsretten vil leve trygt vidare, men me må vokte oss vel for å så tvil om samfunnets eigen allemannsrett. Det kan og slå tilbake på dei som vil hauste vinning av naturen og ressursane der i ulike næringssamanhengar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Beredskap krever tillit