Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mayday for vindkraftkonsesjoner

«Stø kurs» er signalet som stadig kjem frå regjeringa i vindkraftsaker. Men kanskje er tida no inne for å krevje ei uavhengig gransking av vindkraftkonsesjonane. Ei urovekkjande forteljing frå Stad kan stå som døme på kvifor.

Dramatisk: Situasjonen som har oppstått rundt Okla vindkraftverk er dramatisk, skriv 
Marcus Johannessen
. Foto: Mostphotos
Dramatisk: Situasjonen som har oppstått rundt Okla vindkraftverk er dramatisk, skriv Marcus Johannessen . Foto: Mostphotos

Det er ikkje få skuter og skip som har havarert og forlist på Stadhavet. Farvatnet på utsida av Noreg sitt vestlegaste fastlandspunkt er eit av dei mest verharde og berykta havstykka langs heile norskekysten. Gjennom historia har det vore talrike ulukker og bergingsaksjonar her.

Stundom har folk og båt vorte berga. Andre gongar har utfallet vore at dei «bleiv», som det heitte før i tida. Forlis på landjorda er meir uvanleg. Det må difor allment opplysast når det no har skjedd eit alvorleg havari på Stadlandet.

I 2005 og 2007 vart det gjort ei miljøkartlegging på Stadlandet i samband med konsesjonsprosessen for det omsøkte Okla vindkraftverk. Kartlegginga viste at planområdet bestod av naturtypane kystlynghei og terrengdekkande myr, to raudlista naturtypar som er klassifiserte som henholdsvis «sterk truga» og «sårbar» i Artsdatabanken.

Kartlegginga viste at alle lokalitetane i området var av «stor verdi» etter KU-systemet. Dessutan antyda kartlegginga at området kunne ha viktig betydning for fugletrekk av nasjonal og internasjonal verdi.

I 2013 kom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med krav om at det skulle gjerast utfyllande undersøkingar i planområdet for vindkraftverket, som eit tillegg til den eksisterande konsekvensutgreiinga. Men no skjedde det noko underleg. I det som skulle vere ei tilleggsutgreiing, vart lokalitetane sine verdiar nedvurderte til å ha middels til liten verdi.

Annonse

Den sterkt truga kystlyngheia vart karakterisert som «utformingar som er svært utbreidd», inngrepsfrie myrområde vart feilaktig skildra som ikkje intakte, viktige artar i området vart ikkje skildra, og området sin verdi for fugletrekket vart nedtona utan dokumentasjon.

Vidare i prosessen skjedde det at NVE la bort den fyrste miljøkartlegginga for planområdet og baserte vidare sakshandsaming på den siste utgreiinga, noko som vart avgjerande for at "Okla vindkraftverk" fekk konsesjon. Saka gjekk til klagebehandling i Olje- og energidepartementet (OED).

Men departementet slutta seg til NVE sine vurderingar utan reservasjon, og konkluderte med at den nye rapporten representerte "eit oppdatert kunnskapsgrunnlag".

No vil kanskje lesaren spørje seg kvar desse opplysningane kjem frå? Til det er svaret at saka er skildra og dokumentert av staten sjølv, ved Fylkesmannen i Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane). Fylkesmannen leverte fleire motsegner og innsigelsar til konsesjonen for Okla utan å verte høyrd, og konkluderer slik: «Ein feilaktig og villeiande miljørapport har med andre ord vore avgjerande for at det vart gitt konsesjon.»

Klima- og miljøverndepartementet har offentleg slått fast at norsk natur- og miljøforvalting skal vere kunnskapsbasert, med grunnlag i m.a. §112 i Grunnlova og anna lovverk som til dømes naturmangfoldslova. Men det saka om Okla vindkraftverk viser er noko heilt anna. Dette er ikkje forvalting basert på kunnskap, men på vankunne.

Havaristen i denne saka er den norske staten, representert ved NVE og OED. Skal ein stå på brua og styre må ein halde seg i leia, og ein må korrigere kursen for avdrift og misvising. Elles kan ein grunnstøyte. Situasjonen som har oppstått rundt Okla vindkraftverk er dramatisk. Skuta er lek og står i fare for å forlise, med den norske kunnskapsbaserte forvaltinga av natur- og miljøressursar om bord. Det er på tide å be om hjelp.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vil ikke Venstre ha distriktsstemmene?