Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matnasjonen Norge og elefanten i rommet

Matvarekjedene må vise i praksis at dei vil vera med på å bygge Matnasjonen Norge.

Lokalmat: Vi kjøper norske matspesialitetar for over 11 milliardar. Foto: Mariann Tvete
Lokalmat: Vi kjøper norske matspesialitetar for over 11 milliardar. Foto: Mariann Tvete

Matmerk og Landbruks- og matdepartementet arrangerte fagdag for norsk mat og drikke 2019 onsdag 13. november. Ministeren, Olaug Bollestad, hadde eit både inspirerande og engasjerande innlegg om visjon og ynskjer for Matnasjonen Norge. Ho la vekt på å bygge vidare på den gode kvaliteten norsk matproduksjon har i dag, produsere med lågt klimaavtrykk og at mattradisjonane våre må opp og fram. Vi har eit ansvar for å bruke dei ressursane vi har med pluss på botnlina og sikre rekruttering til næringa gjennom heile verdikjeda.

Men fyrst var det innlegg frå jord til bord av Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget, Tine og Nortura og sist men ikkje minst dei «tre» om kva deira bidrag til kva Matnasjonen Norge er og kan bli. Dei «tre» er Norgesgruppen, Coop Norge og Rema 1000.

Det vart gjort eit lite nummer av at dette leddet i verdikjeda berre er tre aktørar, men alle tre var rørande einige om at alle måtte samarbeid og at dei var heilt avhengige av gode både små og store samarbeidspartnarar for å møte det kundane ville ha.

Annonse

Ingen snakka om elefanten i rommet, at desse «tre» har altfor stor makt i verdikjeda for mat frå jord til bord. Den største av desse er Norgesgruppen og denne dagen fekk vi også nyheita om at dei har fått gjennomgåande betre vilkår for innkjøp enn dei to andre. Med andre ord, dei pressar prisane til leverandørane ned. Det vi ikkje har heilt klart enda er om dette fører til lågare prisar for forbrukarane; dei som sit ved bordet.

Men kvar med dei som driv på jordet? Kva fører det til for dei at vi berre har desse «tre» og i tillegg den eine av dei tydelegvis har så stort makt at dei kan presse innkjøpsprisane hardt på denne måten.

Når superlativa haglar for den norske matproduksjonen og flotte bilete og velregisserte filmar blir vist når det er snakk om norsk mat, er det ingen som snakkar høgt om prisen bonden får for produktet sitt. Dersom vi skal snu ei utvikling mot industrilandbruk over til meir berekraftig produksjon, må lønnsomheita for bonden vere på eit nivå som gjer dette mogleg.

Det er med jubel vi ser at salet av lokalmat og drikke nå er på 11,5 milliardar i Norge. Målet var 10 milliardar innan 2025. Dette viser at det betyr noko for folk kven som har laga maten, kvar den kjem frå og at dei er villige til å betale meir for dette.

Om matvarekjedene verkeleg meiner noko med at alle må samarbeide for å bygge Matnasjonen Norge, må det visast i praksis. Da kan det ikkje kun vere pris som styrer, men vi må i ein mykje større grad styrke heile verdikjeda og finne ein balanse mellom kvalitet, pris og produksjon som gavnar både klima, miljø og helse. Det trengst det både politisk vilje og styrke for å få til og rettferdige spelereglar som blir respektert.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Spiller rulett med dyrehelsa