Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matmyter og skulemat

Unge menneske i utvikling treng det beste både frå dyre- og planteriket.

Eg er heilt samd med Kalchenko og Johansen i at vi bør ete variert, men då er jo å kutta ut kjøt å gjera det motsette. Å redusera inntaket av animalsk kost fører til eit mindre komplekst kosthald, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos
Eg er heilt samd med Kalchenko og Johansen i at vi bør ete variert, men då er jo å kutta ut kjøt å gjera det motsette. Å redusera inntaket av animalsk kost fører til eit mindre komplekst kosthald, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Veganarane Tanja Kalchenko og Nina Johansen nyttar høvet til å for n-te gong å gjenta argumenta for eit lågare kjøtinntak. Torleik Svelle sitt utfall mot kjøtfritt skulemåltid i Oslo gjekk ikkje upåakta hen. Eg står også i fare for å gjentaka meg.

Kalchenko og Johansen nyttar som vanleg Nasjonalt råd for ernæring og WHO som basis for påstandane sine. Problemet er at desse institusjonane er lukka fora, og vi veit svært lite om kva dei bygger sine råd på.

Stanford-professoren John Ioannidis (ligg på Youtube) arbeider med forskningskvalitet, mykje innanfor ernæring. Han peikar på korleis haldningar hjå oppdragsgjevarar, forskarar og dei som refererer til forskninga, i stor grad styrer resultatet.

Data er sjeldan tilgjengelege for at andre kan gjera analysar. Feltet er svært komplekst, med ein myriade av faktorar som i stor grad heng saman med kvarandre. Eit problem er også at gamle publikasjonar stendig vert siterte, også etter at konklusjonen er tilbakevist. Ein kan finna støtte for eitkvart syn, berre ein plukkar dei rette vitskapsartiklane. Dei fleste som opererer i ernæringsfeltet har ein agenda, ikkje minst matindustrien. Myter vert skapte, og dei er ofte seigliva.

Annonse

Det er rett at WHO uttalte at bearbeida, raudt kjøt sannsynligvis utgjorde ein kreftrisiko, medan raudt kjøt i seg sjølv var meir usikkert. Komiteen håndplukka 56 artiklar av over 800 tilgjengelege om emnet. Sjølv blant desse 56 var det mange som ikkje synte nokon samanheng mellom raudt kjøt og kreft. Nasjonalt råd for ernæring ser ut til å basera seg på kolesterolteorien, som fekk fotfeste for cirka 50 år sidan.

Er det noko som er gamle myter, så må det vera teorien om meitta feitt – auka kolesterol – hjarteinfarkt. Ernæringsrådet er basert på Universitetet i Oslo, og har neppe plass for annleis tenkande . Kalchenko og Johansen har heller ikkje klart å oppdatera seg, og hamrar vidare på kolesterol og meitta feitt som den store fienden.

Når forskninga er sprikande kan vi sjå på dei store statistikkane, som syner at dei lever lengst i land der kjøtforbruket er høgt, og at land med høgt inntak av melkefeitt har lite hjartesjukdom. Vi kan også bruka tradisjonell kunnskap, eller det vi kan kalla folkevisdom.

«Alle» veit at animalsk kost er meir kompleks og møter fleire behov hjå mennesket enn plantekost. Vi lærte om «sikringskost» på skulen, der animalske varer hadde ein stor plass.

Eg er heilt samd med Kalchenko og Johansen i at vi bør ete variert, men då er jo å kutta ut kjøt å gjera det motsette. Å redusera inntaket av animalsk kost fører til eit mindre komplekst kosthald.

Det er ikkje til å koma forbi at planter helst bidreg med stivelse (korn, pasta, ris, potet), fiber (grønsaker) og sukker (frukt og bær). Belgfrukt er proteinrikt, men ikkje det mest behagelige å eta i store mengder.

Eg støttar Torleik Svelle 100 prosent, men om Oslo vil servera kjøtfritt skulemåltid, vonar eg i det minste dei finn plass til fisk, ost, egg og heilfeite meieriprodukt. Unge menneske i utvikling treng det beste både frå dyre- og planteriket.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hjerneflukt fra distriktene