Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matjorda er verna i Grunnlova

Matjorda er sjølve livsgrunnlaget for både menneske og dyr. Øydelegg me matjorda, fell livsgrunnlaget bort.

Her er Tarald Oma sama med redaktør i Bondevennen, Bothild Nordsletten. Foto: Redd Re/Svertingstad
Her er Tarald Oma sama med redaktør i Bondevennen, Bothild Nordsletten. Foto: Redd Re/Svertingstad

I Norge er berre 3 prosent av landarealet, 10 millionar mål, dyrka eller dyrkande jord. Sidan 1950 har me bygd ned 1 million mål, som er 10 prosent av matjorda. Sidan 1950 har folketalet auka frå 3,2 millionar til 5,4 millionar i 2020.

Folketalet i verda i 2020 er 7,8 milliardar. I 2011 var folketalet 7 milliardar. Folketalet i verda aukar med 80 millionar i året. Utviklinga både verda og i Norge seier det heile tida vert behov for meir mat. Då er det klar logikk at det også trengst meir matjord.

På denne bakgrunn vert det heilt feil å byggja ned matjorda, det trengst meir matjord for at eit aukande folketal skal få den maten dei treng. Ein må tenkje globalt for å handla lokalt.

I Time kommune har nettopp kommunestyret med 14 mot 13 stemmer vedteke å byggja ned 150 mål av den beste matjorda me har i Norge, der har det vore drive landbruk med korndyrking i minst 5000 år. Denne matjorda kan brukast til matproduksjon i minst 5000 år framover.

Annonse

Fleirtalet meiner den jorda skal brukast til servicenæringar, t.d. bilhandel. Nå er situasjonen den at alle me som bur i Time kan ved å køyra 30–45 min kom til forhandlarar og kjøpa kva bil ein vil.

Frå 5 til 20 km frå Bryne sentrum kjem ein til store og lite produktive areal og fjell, som er god byggegrunn både for bustader og næringsverksemd. Dei argument fleirtalet i Time brukte var at ein trong arbeidsplassar. Med dei fakta som eg viser til overfor vert argumenta svake.

Fleirtalet i Time si haldning er også i strid med § 112 i Grunnlova: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og sette i verk inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter første leddet. Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane."

Eg rekna det som sjølvsagd at alle som har politiske verv, held seg etter det som er fastsett i Grunnlova.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Den globale matkrisa vi står overfor handler i all hovedsak om en dypt urettferdig skjevfordeling av verdens mat