Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Masseturisme har sin pris!

Mange turistar: Preikestolen har vorte ein av dei store turistattraksjonane i Noreg. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Den Norske Turistforening (DNT) og mange andre hevdar med rette at utstrekt marknadsføring av norsk natur mot store internasjonale reiselivsgrupper og aktørar i mange folkerike land, mellom anna i Kina, må reduserast eller stoppast.

Reiselivsnæringa kan ikkje sjå seg blind på pengar og opplevingsreklame for seg sjølve og landet ved å brette ut og lokke med alt det ein relativt sårbar norsk natur, ispedd litt kultur, har å by på ovanfor utanlandske reiseselskap frå folkerike land med pengesterke menneske, som da vil kome i stride straumar.

Dette er uheldig både i klimasamanheng og i eit tålegrenseperspektiv på naturmangfald og naturens økosystem i høve til artsrikdom.

Annonse

Lange reiser med fly, turbussar, bilar, ferjer, cruiseskip mv. er konfliktfylt i forhold til klimasituasjonen med sine skadelege utslepp.

Store turistgrupper på opplevingsferie og oppdagarferder utan haldningar til- og kunnskap om natur vil kunne påføre unik og til dels sårbar natur uboteleg skade som slitasje, uroelement mv.

Dette påpeikar FN sitt naturpanel gjennom sin rapport om Jordas tilstand, Noreg inkludert. Menneskeleg auka press og belastning fører til ein natur som vil bera preg av overforbruk i forhold til den berekrafta den har.

Med ei omfattande masseturisme og internasjonal reiselivssatsing utan klima- og miljøforankring, gjer ein honnøromgrepet «Berekraftig turisme» til skamme.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dårlig forsøk på grønnvasking av cruise